Styret og gjest på årsmøtet i Sunnylven bygdekvinnelag. Frå venstre Astrid Tronstad Dyrkorn, Grete Bjørdal, Therese Vidhammer, leiar Gunhild Kvam, Liv Norunn Langeland Runde og Lisbeth Lervik Helset.
Sunnylven Bygdekvinnelag har halde årsmøte i Sunnylvsbygda grendahus. Heile styret tok attval.
Leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag, Gunhild Kvam ønska vel møtt til årssamling og 90-års jubileum i Sunnylven Bygdekvinnelag laurdag 17. oktober.
Til stades på årsmøtet var også Therese Vidhammer som helsa frå Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.
Ikkje alle laget sine 37 medlemer møte, men frammøtet var bra der årsmøtesakene gjekk unna samrøystes, og med triveleg stemning og god servering av hjortegryte, marsipankake og kaffi.
Det siste året har vore aktivt for Sunnylven Bygdekvinnelag. I årsmeldinga blir det fortalt om mykje, og som vi tek med ein del av her;
-Laget har halde kurs i baking av lefser som fort vart selde ut på julemessa. Det vart halde julebord i laget med rundt 40 bygdekvinner og gjestar på ein hyggeleg kveld.
Så 29. november heldt laget julemesse på Hellesylt med godt besøk. Her vart det selt graut, kaker, lefser, og adventskalendarar.
Etter nyttår i 2026 vart det ny lefsebaking saman med spanske og norske elevar på Stranda vidaregåande skule, og i februar opna laget gjenbrukskafe på samfunnshuset med god oppslutnad, men salet kunne vore betre, står å lese i årsmeldinga.
8. mars vart så Kvinnedagen markert med godt besøkt møte, og i mai var det «suppefredag» i barnehagen i Sunnylven.
Før den store helga og før Hellesyltdagane arrangerte laget lefsebaking. Ein god gjeng bygdekvinner var i sving med å lage deig, bake, steike, dynke , smørje og pakke lefser. Salet gjekk godt under «dagane» også dette året, saman med rjomegraut og kaffi.
I august var det open dag og postvegmarsj over Ljøbrekka. Her selde bygdekvinnelaget rjomegraut og kaker på Ljøen.
Til haustfesten i Sunnylven kyrkje pynta bygdekvinnelaget i kyrkja slik tradisjonen er. Denne gongen var det medlemer frå Langedalen som stod for pyntinga.
Sunnylven bygdekvinnelag har delteke på fleire felles samlinga også utanfor bygda. På distriktssamling på Ørskog var tre damer med, og laget har vore med på møter i Frivilligforum i kommunen.
Laget er også medlem av Beredskapsrådet i kommunen, og leiar har vore med på teamsmøte i Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.
Ei stor og flott pynta marsipankake var mellom god meny under Sunnylven bygdekvinnelag sin 90 års jubileumsfest.
Sunnylven bygdekvinnelag har tradisjon å dele ut juleåver til andre lag og organisasjonar i Sunnylven. Til jul i 2025 fekk Sunnylven omsorgssenter 1.500.- kroner, Sunnylven skulekorps 1.000.- , HUL barneleikarring 1.000.- , Sunnylven bibliotek 500.-, og Sunnylven Idrottslag 1.000.- kroner.
Under årsmøtet i Sunnylven bygdekvinnelag vart det attval på heile styret. Desse er med;
Gunhild Kvam, leiar
Liv Norunn Langeland
Grete Bjørdal
Astrid Tronstad Dyrkorn
Lisbeth Lervik Helset.
