12. november 2026

Baka på bål og stormkjøkken

Godt grovbrød baka på den spesielle måten.

Siste laurdag i oktober viste Sunnylven Bygdekvinnelag korleis brød kan bakast utan elektrisk straum. Baksten var god, fekk vi oss fortalt etterpå.

Alle foto: Sunnylven bygdekvinnelag

-Å lage mat av varer ein har tilgjengeleg er kunnskap som er nyttig i både kvardag og om noko uforutsett skjer. Det seier leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag Gunhild Kvam.
Siste laurdag i oktober samla styret i Bygdekvinnelaget seg for å lage og vise måtar å bake brød på utan elektrisk straum. Det vart to timar med baking og steikning ute i gata på Hellesylt, og det som vart steikt på ein i dag utradisjonell måte smaka godt, fekk vi oss fortalt.

Her blir bollar steikte på gassgrill.

Det vart baka av mange sortar deig, mykje av mjøl frå Volda mylne. Og steikinga vart ikkje gjort i elektrisk ovn slik det er vanleg i dag. I staden vart det meste baka med varme frå ved. Og det smaka godt, fekk vi oss fortalt av personar som var innom standen til Bygdekvinnelaget.

Det vart eit folkerikt arrangement Sunnylven Bygdekvinnelag stod for laurdag. Mange kom for å smake og gjerne lære om ein ny bakemåte. Rundt 50 – 60 personar kom tidleg, og fleire vart det etter kvart dei to timane bakinga på bål og stormkjøkken varte.

Når resultatet er godt er også gleda stor hos bygdekvinnene.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →