Artisten Kim Wigaard og musikarar stod for ein flott konsert i kyrkja i 2026. Blir det ei dame neste år?
Tysdag denne veka vart det kalla inn til møte der spørsmålet var om Hellesyltdagane skulle arrangerast også neste sommar. Og vedtaket var klart; Det blir Hellesyltdagar 2027 frå 09. til 11. juli.
hellesylt.info har fått vedtaket frå møtet.
-Dato for Hellesyltdagane 2027 er klare! Som før blir Hellesyltdagane også neste år gjennomført helga før fellesferien, altså 09. – 11. juli.
Har du tips eller ønskjer til artistar til neste års arrangement? Vi skal fylle kyrkja med musikk, skape liv i festivalteltet og underhalde frå utescena, så alle gode forslag er velkomne. Vi har også som tidlegare år alltid behov for hjelp og oppgåver som må løysast i samband med arrangementet. Kjenner du at du har nokre timar å gi til eit lag eller ein organisasjon, praktiske oppgåver i sentrum, ei barvakt eller sette opp og rydde ned så vil vi gjerne høyre frå deg.
Send e-post til post@hellesyltdagane.no både om du kan tenke deg å bidra og om du har forslag til underhaldning under dagane.
Legg datoane for Hellesyltdagane 2027 inn i kalenderen og start sommarferien saman med oss på Hellesylt. Velkomen!
Det skriv komiteen i oppsummering frå møtet på Sunnylven samfunnshus tysdag 20. oktober.
No har lag og organisasjonar i bygda åtte månader på å planlegge det heile. På nytt skal eitt av dei største sommararrangement i fylket fylle Hellesylt sentrum med alt av glede, gode smakar og minnerike opplevingar. Det trur vi arrangøren får til også i 2027.
