I september 2024 var Hellesylt Hydrogen Hub opna av statsminister Jonas Gahr Støre t.h. På bilde også Jens Berge t.v. og Knut Flakk. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Møtet til Stranda senterparti og energimøtet i Storfjord kulturhus måndag 5. oktober samla mange.
Til møtet fekk Stranda senterparti besøk av fleire innan energiproduksjon og næringsliv på Sunnmøre, Jan Emblemsvåg frå NRNU, konserndirektør Erik Espeset frå Tafjord AS, og Jens Berge frå CEO Norwegian Hydrogen.
Også Per Sævik frå Havila var invitert, men nådde ikkje fram grunna veghindringar.
Energimøtet var nyttig for interesserte, men kanskje litt for avansert med kunnskap og opplysningar for enkelte. Det vart litt for teknisk og fullt av faguttrykk i enkelte avsnitt av møtet.
Spørsmålet vi sat igjen med var om Stranda og området her har nok energi som området produserer og treng.
Kanskje må nye kraftanlegg byggjast ut. Det kom tydeleg fram i innlegget til Erik Espeset som sa at det meste av produksjonen i fylket går til landsdekkande næringsliv. Det har ført til knappheit for private og dermed høge prisar.
Ikkje nøgd med utviklinga
Jens Berge frå Norwegian hydrogen var ikkje nøgd med utviklinga og bruken av hydrogen frå Hellesylt.
I starten var selskapet i god dialog om bruk av hydrogen på turistferjer i området, noko det ser ut til ikkje å bli noko av. No går mesteparten av energiproduksjonen ut av landet til andre stader, til Sverige og Finland.
Det var i september 2024 at Hellesylt Hydrogen Hub vart sett i drift. Til stades på opninga den gongen var også statsminister Jonas Gahr Støre.
-Eg er glad for at ingen har nemt filmen Mission Impossible, for vi er her for å lage ein Mission Possible, sa Jonas Gahr Støre i si opningstale på Hellesylt den gongen, og heldt fram;
– I dag kom eg så til «store» Hellesylt. Eg synest det fortel oss historia om kva vi vekeleg går igjennom. Eg synest det er eit stort privilegium å sjå dette saman med dykk og fortelje det til internasjonale parterar på ein slik vakker dag.
Eg synest det er ein nydeleg 18. september!, sa Støre den gongen.
Statsministeren rosa alle som hadde bidrege til verdikjeda, ei verdikjede spesielt for både transport og skipsfart.
Sel hydrogen til utlandet.
Under møtet i Stranda kulturhus sa Jens Berge at selskapet i oppstarten var i god dialog om bruk av det reine drivstoffet hydrogen på turistferjene på verdsarvfjorden, noko det ikkje er blitt noko av enno. No går mesteparten av energiproduksjonen til utlandet Sverige og Finland.
