12. november 2026

Folkerike tilstelningar

Styret i sanitetslaget hadde mange fine gevinstar dei lodda ut.

I Sunnylven vart det arrangert to store tilstelningar på laurdag, og her møtte folk fram i det fine haustveret.

Basaren til Sunnylven sanitetslag var svært folkerik i år. I den vesle salen på samfunnshuset på Hellesylt var det fullt kring alle bord. Her selde sanitetslaget kaffi og kaker til rimelege prisar, noko som gjekk unna.
Ikkje minst var spaninga stor når ei mengde store og små gevinstar skulle trekkjast, og der fekk mange heldige vinnarar med seg fine ting heim.

Kor mykje som kom inn på årets sanitetsbasar veit vi ikkje. Leiar Hilde Langlo Brekke hadde ikkje oversikta då vi snakka med henne litt seinare på dag. Men godt nøgd var ho, det hadde vore eit triveleg arrangement som gav gode pengar i lagskassa.

Fullt hus og god stemning i Sunnylvsbygda grendahus

Saudehaud på grendahuset

I Sunnylvsbygda grendahus vart den årlege «saudehaudfesten» arrangert laurdag kveld. Kring 70 unge og eldre sessa seg kring småborda då festleiar Geir Frøysa ønska vel møtt nok ein gong. Dette var rundt trettiande festen av dette slaget i grendahuset.
Maten smaka også i år, salte og tørka saudehaud i tillegg til kålrotstappe, poteter, og om nokon ikkje lika hovudretten kunne ein forsyne seg med kokmør. Og etterpå var det dessert.

Det var eit godt måltid og med mykje godt prat kring borda. I det heile ein vellukka kveld nok eit år for Sunnylvsbygda grendalag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →