Ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang.
Sunnylven pensjonistlag fekk besøk av ordførar Einar Arve Nordang då laget heldt sin haustfest på Hellesylt laurdag. I innlegget svara han også på spørsmål frå publikum.
Ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang starta innlegget sitt med å rose Sunnylven pensjonistlag.
-Pensjonistlaget gjer ein stor innsats for bygda, det vere seg utplanting av blomster og meir som gjer det triveleg i bygda, sa han. Han håpa det måtte vare og vere slik også i framtida.
Eit kvart samfunn blir skapt mellom kommunen og den organisasjonen ein høyrer til. At amerikanarar reagerer på at presidenten deira ikkje fekk fredsprisen, var utruleg, meinte ordføraren, noko sikkert fleire er samde i.
Nordang hadde tre emne han tok opp på møtet i Pensjonistlaget.
-Korleis vi bur,
-kva eldreomsorg vi har
-og totalberedskap i kommuna.
Når vi er unge tenkjer vi ikkje over oppgåvene vi skal løyse, men med alderen blir ting som snømåking og bering av ved tyngre, sa han.
Han var også innom eldreomsorg som blir meir krevjande og tyngre med alderen, -men vi kan ikkje bygge omsorgsplassar til alle. Det går ikkje, vi må heller prøve å gje gode heimetilbod og trygge tenester der, sa han.
Og nok vatn, lommelykter, dabradio og mykje anna nemnde ordføraren som viktig å ha i beredskap.
Stranda kommune har lagt bak seg store investeringa og nye blir satsa på. I Hellesylt blir det no opparbeidd nye tomtar i byggefeltet i Ringdalsåsane, eit viktig tiltak for busetnaden i bygda, meinte ordføraren.
Ordføraren tok fram mykje positivt i kommunen i innlegget sitt, men fekk også utfordrande spørsmål frå salen til slutt. Ikkje alle spørsmål, som kring helsetenesta var like enkle å svare på, men ordføraren svara godt og kom med mange avklarane opplysningar til spørsmåla.
Hellesylt treng utleigeboligar, og fleire leilegheiter nær omsorgssenteret var noko han antyda måtte kome.
Andre meir enkle ting som nedlegging av minibanken på Hellesylt opptok også publikum, spørsmål ordføraren sa at kommuna kunne sende brev og be om oppretting igjen, men meir kunne han ikkje love.
Ordførar Einar Arve Nordang hadde ei god og opplysande orientering på pensjonistmøtet og kom godt frå spørsmålsrunden frå pensjonistane i salen.
