I alt sju personar deltok på kurset der Christine Rørhuus-Øie frå Stranda Røde kors var instruktør.
Sunnylven Pensjonistlag har kjøpt inn to hjartestartarar, ein til Sunnylven kyrkjelydshus og ein til Hellesylt treningssenter.
Onsdag denne veka vart to hjartestartarar overlevert frå Sunnylven Pensjonistlag til to nye eigarar. Ein blir montert på Sunnylven kyrkjelydshus og den andre på Hellesylt treningssenter.
Kjøpet kom i stand etter at Pensjonistlaget etter søknad fekk tilskot frå Sparebanken Møre under Hellesyltdagane i år. No er begge hjartestartarane på plass, og etter opplæring frå Stranda Røde kors er også bruken av utstyret klart.
Det var Cristine Rørhuus-Øie frå Stranda Røde Kors som kom til Sunnylven kyrkjelydshus onsdag kveld og gav gode råd i bruken av utstyret.
– Har du smerter i brystet kan alvorlege ting oppstå-. Christine fortalde tydeleg korleis ein merkar ein hjartestans. Unngå å forlate pasienten, la pasienten sitje behageleg og hald vedkomande varm, sa ho.
Kursdeltakar Bjørn Tryggestad viser hjartekompresjon. Til venstre Christine Rørhuus-Øie.
Det var eit lærerikt kurs over tre timar på Hellesylt onsdag kveld. Cristine var innom mykje og gav nyttige opplysningar omkring ein alvorsam sjukdom.
– Sjansen er stor for at ein i livet kjem bort i nokon som er alvorleg sjuk,- stod på plakaten som vart vist for kurselevane i kyrkjelydshuset onsdag kveld. Eit sitat om ein situasjon dei aller fleste håper å unngå.
hellesylt.info var innom Røde Kors sitt kurs i bruk av hjartestartarar på Sunnylven kyrkjelydshus. Kursleiar Cristine Rørhuus-Øie delte ut informasjon til dei sju deltakarane, om rådgjerer og mykje anna nyttig om alvorleg sjukdom skulle kome på. På kurset vart dei også vist bruk av hjartestartarane.
Det er Sunnylven pensjonistlag , med støtte frå Sparebanken Møre som har kjøpt inn og plassert ut to nye hjartestartarar.
Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland seier dei håper det ikkje blir bruk for hjelpemiddla, men at det er ei tryggheit og viktig å ha dei i nærleiken om eit hjarteproblem skulle kome på.
På Hellesylt er der frå før tre hjartestartarar, no er der to til, på Sunnylven kyrkjelydshus og på Hellesylt Treningssenter.