Harald Sørheim var fyrste gjestetalar på fyrste møte i Pensjonistlaget
Leiar i Pensjonistlaget, Astrid Langeland helsa alle vel møtt til ope arrangement på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag 10. oktober.
Det kom rundt 50 då Sunnylven pensjonislag inviterte til arrangement på kyrkjelydshuset laurdag 10. oktober. Her var det både helsingar, innlegg frå ordførar i Stranda og meir, i tillegg til servering av svele og kaffi. Alt var gratis, og i tillegg delte pensjonistlaget ut små gåver, som penn o.l. til alle.
Leiaren i pensjonistlaget, Astrid Langeland håpa det skulle bli ein triveleg ettermiddag, og det vart det.
Der var besøk av ordføraren Einar Arve Nordang som fortalde om aktuelle saker, og Knut Hanssen bidrog med song og musikk.
Heilt på slutten hadde Lars Fivelstad ei orientering om Pensjonistforbundet og arbeidet dei legg ned.
Astrid Langeland opna med å fortelje om arbeidet som Sunnylven pensjonistlag hadde stått for det siste året.
-Vi vågar å seie at vi er eit aktivt pensjonistlag. Det er ingen møteplikt, du kan vere med på det du sjølv ynskjer, sa leiaren då ho opna møtet, og heldt fram med å fortelje om aktiviteten;
– I februar var Harald Sørheim til stades på årsmøtet og fortalde frå arbeidet i Eldrerådet, eit møte der menyen var pølse og potetstappe.
Så i mars kom Petter Hjørungdal og fortalde frå arbeidet i Ljøbrekkas Venner, og i mai var det båttur mellom Hellesylt og Geiranger og ein svipptur ut til Oardsbygda før vi gjekk i land på Hellesylt igjen.
På turen fortalde Odd Normann Hoff om livet langs fjorden, og om ein samtale med gamlepresten Svein Runde om å ferdast som «fjordaprest» sommar som vinter.
I juni vart det jonsokfeiring på Tronstad grendahus med rjomegraut, og der Bjarne og Knut underheldt med musikk og Inghild Storstein las «ord for dagen».
I august vart det så «balltreff» på Josybuda på Kalvatn-.
Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland.
Og Astrid heldt fram med oppsummeringa frå det aktive pensjoniståret;
-I september vart det kino på Moa og filmen «Pensjonistkuppet» for dei som ville, og 1. oktober markerte Sunnylven pensjonistlag «eldredagen».
Her var det duka for stort og velsmakande koldtbord på kyrkjelydshuset, med Rakel R. Bruland frå Hornindal som kåsør. Olav Elling Gausdal og Bjarne Sjåstad sytte for musikalsk underhaldning.
Og så , turen med Kiel-ferja 21 – 24 september var fantastisk i godt ver. Her fekk vi også nydeleg mat og drikke, -og mykje lått og løye. Fint å rusle rundt i Kiel også for den som ville det, sa Astrid Langeland.
Men så, etter den søte kløe kjem den sure svie….
-I 2026 har laget kjøpt inn to hjartestartarar, til treningssenteret og til kyrkjelydshuset. Desse er no overlevert, eit kjøp på rundt 40.000.- kroner.
Vi har planta i sentrum også i år, og skråninga ved Coop er blitt tilstelt med handemakt og gravemaskin til ein kostnad på 38.000.- kroner.
Det er også kjøpt inn nye bord i salen, og masse nytt kjøkkenutstyr til kyrkjelydshuset.
No står det igjen å byte ut til eit betre piano i møterommet her, sa Astrid Langeland til slutt, og som håpa at årets julelotteri kanskje kan vere med på å realisere pianodraumen for Sunnylven Kyrkjelydshus.
