Har du eller nokon du kjenner mista ein av dine? I kyrkja er det rom for sorga og saknet. Du er varmt velkommen til kyrkja i Sunnylven søndag 1. november kl 20.
I Sunnylven kyrkje er det gudsteneste søndag 1. november. Vi har fått dette tilsendt om samlinga.
-Fiolinist Øyvind Robak, kantor Gunnar Inge Eide og songsolist Kristin Storstein har sett saman eit vakkert musikalsk program. Inghild Storstein vil dele dikt og prest Ann Kristin Langeland leier gudstenesta.
I kyrkjelyden er det tradisjon for å ha gudsteneste i samband med allehelgen. Til denne gudstenesta er alle som har mista nokon det siste året særskilt inviterte. Men det er viktig å understreke at alle er varmt velkomne denne dagen, sorg er noko vi ber med oss gjennom livet. Det er ei gudsteneste med rom for ettertanke og sorg, men også for bøn og håp.
Kvifor tenne lys for ein som er død?
Det er vanleg å tenne lys på gravene når det er allehelgen. Ta med eit eige lys, og set det ved grava. Kjenner du på ei sorg over å ha mista nokon som har gravstad andre stadar i landet, så er du velkomen til å kome til kyrkja for å tenne lyset for den du saknar.
Uansett om du ynskjer å tenne eit lys, eller ikkje, er det fint å ta ein rusletur på kyrkjegarden denne dagen. Mange kjenner ei trøst i at det skin eit lys på grava. Lyset kan vere eit symbol på at minna om dei døde er med vidare i livet, og at dei døde ikkje vert gløymde.
Kvifor delta på gudsteneste på allehelgen?
For mange er det sterkt og meiningsfullt å være på minnegudsteneste, ei gudsteneste med rom for sorg, sakn, håp og trøst. Gjennom song, musikk, dikt og lystenning kan ein finne ei form for ro, og kanskje også finne noko som kan vere til trøst og gje håp for stega i sorga sitt landskap-.
