12. november 2026

Inviterer bygda til brødbaking

Viktig kunnskap i ei krise.
Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer innbyggarane på Hellesylt til brødbaking laurdag 31. oktober kl 12-14.

I gata utanfor Coop / Joker på Hellesylt får publikum laurdag 31. oktober lære om korleis ein kan lage brød utan straum. Her produserer Sunnylven Bygdekvinnelag ulike brød bakt på bål og stormkjøkken, eit arrangementet som er ein del av Norges Bygdekvinnelags landsomfattande aksjon «Bak ditt eige brød» under Beredskapsveka 2026.

Sunnylven sanitet deltek og deler informasjon.
– Vi gjer dette for å vise at det er mogleg å bake ulike brød utan straum, og med mjøl frå ei lokal mølle i Volda, seier Gunhild Kvam, leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag, og legg til;
– Å kunne lage enkel mat av råvarer ein har tilgjengeleg, er kunnskap som er nyttig både i kvardagen og når noko uforutsett skjer.

Praktisk kunnskap er også beredskap.
– Sjølv om det er enkelt å bake brød når ein først kan det, er det mange som aldri har lært korleis. Å bake sitt eige brød handlar om gode tradisjoner, kunnskapsdeling og fellesskap. Det handler om gleda ved å lage mat fra botnen av, men også om å være betre rusta når kvardagen ikkje fungerer som normalt, seier generalsekretær i Norges Bygdekvinnelag, Cesilie Aurbakken.

Fantastisk engasjement.
Under aksjonen «Vi baker brød» inviterer bygdekvinner over hele landet barn, unge og vaksne i sitt lokalmiljø til brødbaking. Rundt 110 lokallag deltar, og det skal bakast på ulike måtar, både med og utan strøm. For korleis lage mat når straumen går og butikken er tom for varer?
– Vi har sett ei enorm bakelyst og kreativitet i lokallaga. Brød finst i ulike former over heile verda, og alle har sine tradisjoner. Det gjev oss både anledning til å ta vare på kunnskap og til å lære av kvarandre, seier Aurbakken.
Lokallaga er oppfordra til å samarbeide med andre lokale aktører. Det oppfordres også til å bruke norskprodusert mjøl og samarbeide med lokale møller der det er mulig.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →