På nytt inviterer gode kokkar i Sunnylvsbygda grendalag til saudehaudfest laurdag 24. oktober, eit eksklusivt måltid av årets ullkledde fjellvandrarar.
Den store kvelden i Sunnylvsbygda grendahus nærmar seg. Laurdag 24. oktober inviterer laget unge og eldre til stor fest med mat, drikke og dans.
Då blir årets Saudehaudfest arrangert, i år for 32 gong. Og arrangøren lovar eit minst like triveleg «gilde» i år som tidlegare. Sauer og lam er henta heim frå gode fjellbeite, og av salta og tørka saudehaud dampar vertskapet ferdig det eksklusive måltidet. Det er berre å glede seg!
Med til måltidet høyrer også poteter og kålrotstappe, og etterpå blir det dessert og kaffi. Og skulle det vere dei som ikkje synest at maten fell i smak er der alternativ å velge mellom.
Så set av laurdag 24. oktober frå klokka 20.00 for nok ein triveleg og smakfull kveld i Sunnylvsbygda Grendahus. Og hugs påmelding, gjerne alt no til;
Olav Lade, mob. 918 93 177
Steffen Hole, mob. 913 51 687
Påmeldingsfrist er 22. oktober!! (dato på flygebladet var feil)
Bill.pris;
Mat og dans kr. 350.-
Berre dans kr. 150.-
Etter eit velsmakande måltid blir det dans og samvær ut i dei små timar.
Meld deg på og bli med på trivelege kveldstimar i Sunnylvsbygda Grendahus, er oppmodinga frå arrangøren Sunnylvsbygda grendalag. Dei håper å sjå deg!
