7. oktober 2026

Markerte eldredagen

Rakel Rustand Bruland fekk overrakt blomstergåve frå leiar Astrid Langeland t.h.

Torsdag 1. oktober markerte Sunnylven pensjonistlag eldredagen på kyrkjelydshuset på Hellesylt med program og god servering.

Frammøtet var litt mindre enn vanleg då eldredagen vart markert av Sunnylven pensjonistlag torsdag. Litt sjukdom og andre gjeremål mellom medlemane gjorde at rundt tretti, eller omlag halvparten av vanleg frammøte var til stades denne gongen.
Men møtet vart som vanleg ei hyggeleg stund med godt program og god servering.

Leiar Astrid Langeland opna og gratulerte alle med dagen, -ein dag vi kan samlast på til fest og glede, og der alt skal gjerast på ei app, sa ho, men slo fast at å bli eldre er ein del av livet.

Til stades på møtet var også musikarane Olav Eling Gausdal og Bjarne Sjåstad som bidrog med song og musikk. I to økter drog dei opp fleire låtar både eigenkomponerte og andre, mellom anna «se alltid lyst på livet».

Frå nabobygda Hornindal kom doktorgradstipendiat Rakel R. Bruland med eit kåseri ho hadde kalla «Eldre og deltaking i lokalsamfunnet».
Bruland som bur i «Grenda» i Hornindal like under Ytrehorn og no går tredje året ved Høgskulen i Volda, kom inn på fleire gjeremål mellom pensjonistar.
Ho tok fram fleire ting eldre engasjerer seg med og avslutta med eit sitat, -eg er ikkje aktiv for eg har ikkje tid… Det viste seg at vedkomande hadde fullt arbeid på garden sin.
Slik er det og slik blir det vel sagt frå mange pensjonistar…

Under pensjonistmøtet 1. oktober var det som vanleg god servering, denne gongen frå eit fyldig og rett så variert koldtbord. Og til aller sist var det trekning av tombola.

Olav Elling Gausdal t.v. og Bjarne Sjåstad under heldt med fleire songar.

Marsipankake og kaffi avslutta god servering på eldredagen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →