12. november 2026

Møte om «Sommardagar på Hellesylt».

Årets Hellesyltdagar hadde litt regn, men godt besøk.

På Sunnylven samfunnshus blir det ope møte med oppsummering kring Hellesyltdagane 2026, og innspel til nye dagar i 2027.

Frå arrangøren av Hellesyltdagane har vi fått melding om møte der temaet er gjennomføringa i 2026, og nytt arrangement neste år;

–Hovudkomiteen til Hellesyltdagane inviterer til eit ope evalueringsmøte på Sunnylven samfunnshus tysdag 20.oktober kl. 19:30

Komiteen håper bygdefolket vil kome med både ris og ros til årets arrangementet, samt kome med innspel til nye dagar i 2027. Såleis vil dei tradisjonelle dagane utvikle seg og fortsette som ei årleg festhelg på Hellesylt.

Mange er i sving ei slik helg, og mykje skal på plass for å sikre at innbyggarar og besøkande får gode dagar i bygda. Ønsket er sjølvsagt Hellesyltdagar også i 2027 og arrangøren håper difor mange vil ta turen og dele viktige og konstruktive innspel til vidare arbeid.

Vel møtt!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →