Knut Hanssen underheld med song og musikk på haustsamlinga i Pensjonistlaget.
Laurdag 10. oktober inviterer Sunnylven Pensjonistlag alle over 60 pluss til treff på Sunnylven kyrkjelydshus mellom klokka 12.00 – 16.00.
Det blir ope arrangement på Sunnylven kyrkjelydshus med servering og program. Alt er gratis, seier leiar Astrid Langeland som lovar både svele og vaflar med tilbehør, og god kaffi.
Til samlinga på Kyrkjelydshuset kjem også ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang som vil orientere om aktuelle saker i kommunen. Han svarer sikkert også på spørsmål om nokon har noko dei ønskjer å spørje om.
Under samlinga blir det sang og musikk av trubadur Knut Hanssen, og det blir orientering om aktuelle saker både i Pensjonistforbundet og frå arbeidet i Sunnylven Pensjonistlag.
Arrangementet på Sunnylven Kyrkjelydshus er ope for alle medlemer, men også for alle andre over 60 pluss, seier leiar Astrid Langeland. Ho håper mange kjem til trivelege timar og arrangementet laurdag 10. oktober.
