12. november 2026

Røyrhus kraftverk opna

Konsernsjef i Tussa Olav Osvoll orienterte om ein del tal for det nye kraftverket, før ordførar i Stranda Einar Arve Nordang t.h. opna Røyrhus kraftverk.

Det var ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang som fekk æra av å opne Røyrhus kraftverk laurdag 31. oktober. Mange kom for å vere med på den store hendinga.

Etter vel to år med byggearbeid stod Røyrhus kraftverk ferdig til opning siste laurdag i oktober, ei hending som mange kom for å vere med på. Etter velkomst og innleiing av konsernsjef i Tussa, Olav Osvoll var det ordførar i Stranda, Einar Arve Nordang som fekk æra av å opne det nye kraftverket.

Det var kjempestas, sa ordføraren då han innleia si gode, men korte helsing til den store flokken av skodelystne som hadde møtt fram.
-Vasskrafta er den grøne ryggen med rein energi i energisamfunnet vårt, sa ordføraren som takka Tussa, dei fem grunneigarane på Røyrhus, og ikkje minst dei mange byggefirma og entreprenørane som hadde utført arbeidet og fått det flotte anlegget på plass. Det var eit straumanlegg ordføraren var stolt av, før han så gjekk inn i bygget og starta opp kraftverket.

Konsernsjef Olav Osvoll kom inn på tida som hadde gått frå tanken om eit kraftverk på Røyrhus kom opp og til det i dag stod ferdig.
Det var i 2024 det heile starta med graving og legging av grøve røyr då fallet ikkje er av det største. Men elvane frå Tverrdalen og Skihelledalen hadde nok vatn til at eit kraftverk på 5-6 GWh vart bygd. Vasstilførsla vil variere, og under oppstarten laurdag var berre ein tredel av kapasiteten i drift.
Osvoll takka mange for innsatsen med bygginga, og han rekna opp mange, mellom dei lokale bedrifter som HT Bygg, Hellesylt.

Svært mange tok vegen til Røyrhus og opning av kraftverket laurdag.

Det var ein stor dag for mange, ikkje minst for Røyrhus-grenda laurdag med opning av det nye kraftverket.
Samfunnet har eit behov for meir elektrisk kraft, stadig blir meir brukt, men mange protesterer mot å bygge ut.
Å ofre natur kallar ein det, det er vel tankar og meiningar som bør vurderast på nytt.
Om få år når all graving gror til vil det ikkje vise i terrenget at Røyrhus kraftverk vart bygd og opna 31. oktober 2026.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →