I Gata, like ved Kyrkjelydshuset skal utefesten 14. november haldast.
Midt i november blir gamlegata i Hellesylt teken i bruk for mat og moro. Der blir det «Langbord og lysfest».
Eit nytt og spanande tiltak med lys og servering av mat og prat blir planlagt i Hellesylt. Midt i november og vel ein månad før jul skal gamlegata i Hellesylt fyllast med bord og servering.
For litt sidan kom fire lag og organisasjonar saman og planla at i Gatå på Hellesylt skulle det arrangerast tiltak med moro og hygge.
Det skjer like fram for Kyrkjelydshuset, der skal det riggast opp eit langbord på kring 60 meter, og her skal det serverast ein enke, men god norsk meny til folk som kjem, nemleg kjøttsuppa.
Det er Sunnylven sanitetslag, Sunnylven bygdekvinnelag, Sunnylven pensjonistlag og Stranda frivilligsentral som står bak det heile og har planla tiltaket. Dei inviterer til «Langbord og lysfest» i Gatå laurdag 14. november frå klokka 15.00.
Og dette er bestemt så langt.
Arbeidet med det nye tiltaket har dei fordelt seg imellom på denne måten;
Bygdekvinnelaget syter for maten, saft og suppeskålet. Dei får tilgang til samfunnshuset dagen før, og laurdag for å lage og varme opp suppa.
Frivilligsentralen avtalar leige av Kyrkjelydshuset og tek seg av kaffi, kaffikoppar og saftbeger.
Sanitetslaget ordnar pynt og lykter til borda.
Pensjonistlaget skaffar og henger opp lyslenker i Gatå.
I tillegg blir det sett opp bålpanner i begge endar av Gatå for bruk og varme.
hellesylt.info kjem med meir når dag og tid nærmar seg. I alle høve, det er berre å glede seg til «Langbord og lysfest» i Gatå laurdag 14. november.
Og kanskje kjem Sunnylven skulekorps på «festen»??
