Sunnylven G14 sitt lag som møtte Larsnes i siste kamp denne sesongen. Bak dei to trenarane.
Sunnylven G14 møtte Larsnes på Hellesylt stadion onsdag i årets siste kamp. Og heimelaget imponerte med storsiger.
Det var regn og vind på Hellesylt stadion onsdag 28. oktober under årets siste kamp. Men sure verforhold verka ikkje inn på spelet til heimelaget, det vart eit fartsfylt oppgjør der også gjestane Larsnes kjempa forgjeves etter poeng. Men Sunnylven gjekk tøft ut, denne kampen ville dei vinne såg det ut som alt frå start av.
Etter stort tempo og fleire tøffe taklingar tok heimelaget leiinga ved Jakob. Larsnes sin gode burvaktar var sjanselaus på skotet og det stod 1-0.
Kampen bølga fram og tilbake lenge, men midtbana og jentene som dekka opp forsvaret framfor Elias, heimelaget sin burvaktar var alle gode, kjappe i steget og langt frå redde for å gå i tøffe taklingar. Det måtte berre gå mot fleire mål for heimelaget og snart stod det 2-0, ei skåring av Tora. Det vart også pauseresultatet.
I andre omgang fekk Sunnylven vinden i mot, men det gjorde ingen forskjell. Snart stod det 3-0, ei skåring av Emma, og litt seinare var leiinga 4-0, donka inn av Fredrik.
Så gjekk det mot slutten og nytt mål, denne gongen av Tora igjen, og så avslutta heimelaget målfesten med nytt mål av Jakob. Det var berre så bra at publikum nesten ikkje trudde resultatet var sant.
Ett minutt før slutt fekk Sunnylven hjørnespark, og då ville også laget sin gode burvaktar vere med på målfesten. Hjørnesparket vart det ingen ting av, men i staden enda ballen hos ein gulkledd frå Larsnes som donka til og ballen susa i det tomme heimemålet til redusering. Kanskje eit unødvendig mål, men også ei fortent skåring til Larsnes som var eit godt lag.
Kampen enda 6 – 1 til Sunnylven.
Larsnes og Sunnylven G14 møttes i slutten av august. Då vann Larsnes 7 – 3.
Med sigeren onsdag 28. oktober vart Sunnylven sist av fem lag i årets G14 haust. Laget fekk 3 poeng. Vinnarlaget Hasundgot stod igjen med 21 poeng.
