12. november 2026

Tre «gode» tenorar

Tre nordiske tenorar; Espen Solsbakk, Jan-Tore Saltnes og Nils Georg Nilsen.

På køyreplanen til Festspela i Geiranger stod konsert med Tre nordiske tenorar laurdag kveld. Det vart ei oppleving med tre gode norske songarar.

Storsalen på Hotel Union var nær fullsett laurdag kveld, kanskje var så mange som 250 til sades då tre tenorar entra scena. Der fekk vi møte fantastiske songarar, alle norske og alle menn.
Vi sat i konsertsalen i Geiranger med fjorden i turistbygda langt der nede, men med himmelen høgt over oss, ei oppleving der vi nesten hadde føling av at songen og musikken var i det høge rommet. Her strøymde dei reine, vakre tonane ut i samstemt toneprakt, det var så vakkert, så fantastisk å høyre.

Det vart ein konsert av dei sjeldne på desse kantar, ein god time vi seint vil gløyme. Her mellom fleire hundre fekk vi møte tre menn med eigen pianist som stråla ut dei vakre tonane, mykje i alvor, men også i spektakulære framføringar med mykje skjemt i seg.

Dei tre tenorane, Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak var i Geiranger og imponerte. Songrøysta til dei tre var fantastisk, klar og sterk, nesten utruleg at det går ann å framføre musikalske perler så reint og på så kontrollert måte. Og med ein god pianist som tonefølgje vart dette ei kveldsstund vi seint vil gløyme.

Mange kom til konserte med Tre nordiske tenorar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →