Ein del av trimmarane samla på Ljøkaia. (Foto: tilsendt)
Sunnylven IL trimgruppa arrangerte trimtreff på Ljøkaia søndag 11 oktober. Denne gongen var det i samarbeid med frivillighetssentralen i kommunen.
Frå leiar i trimgruppa i Sunnylven IL, Oli-Anne Sjåstad har vi fått tilsendt referat og bilde frå trimtreffet på Ljøkaia søndag 11. oktober. Trimgruppa hadde nok håpa på eit større oppmøte i fineveret, men kanskje fleire kjem neste gong!
– Været var flott, men oppmøte kunne ha vore betre. Men 16 deltakere hadde ei fin stund på kaia der det vart utrekkspremier til 8 heldige deltakere.
Trimgruppa har også planlagt eit trimtreff i mørket i løpet av november, men endelig dato er ikkje satt enda.
Trimleiaren minner også om frist for innlevering av trimskjema for 2026 som er torsdag 15. oktober. Kasse til skjema ligg på Coop marked Hellesylt.
Det er også mogleg å kjøpe trimskjema for 2027, og det kan ein betale enten med vipps eller kontant. Premiering av fjelltrimmen blir annonsert når det er klart, skriv Oli-Anne Sjåstad..
