12. november 2026

Triveleg haustfest i Fjellrosa 4H

Medlemane i Fjellrosa 4H med dei to leiarane Dovile og Silje lengst til høgre.

Heile 24 medlemer i Fjellrosa 4H fekk sine utmerkingar på haustfesten laurdag. Mellom dei var Ronja Mari Tronstad som hadde fullført oppgåver og vart tildelt plaketten.

Fjellrosa 4H feira årsfest laurdag, denne gongen på Sunnylven kyrkjelydshus då den vanlege staden, Sunnylvsbygda grendahus var oppteke med anna arangement.
I Kyrkjelydshuset på Hellesylt vart det ei ny, triveleg samling. Mange foreldre og andre kom for å sjå dei mange flotte utstillingane av arbeidsoppgåver, og i tillegg få eit triveleg program og god servering av 4H-medlemane.

4H-medlem Tora Rusten leia haustfesten på Kyrkjlydshuset.

Festen vart leia av Tora Rusten som også fortalde om det Fjellrosa 4H hadde vore med på og opplevd det siste året. Og det var ikkje lite.
Det starta med årsfest i fjor og deretter var det Haloveen og dansekurs i klubben. Så vart det nissefest før jul før ein god juleferie.
Medlemer av klubben var på planleggingsmøte og på ei Superhelg der det var instruksjon i leiarkurs, wolleyball og planmøte om å gjere det bra.
Ut på våre var det så grønnsakdag, medlemane var i klatrepark, det vart fylkesleir på Kleive der ein konkurranse gav både andre og tredje plass til klubbmedlemer, og det vart arrangert open dag på badestranda på Hellesylt med bading og overnatting i telt.
Det var ei lang og innhaldsrik liste Tora fortalde frå på haustfesten, sjølv om ho la til at dette var berre litt av mykje anna.

Så var det servering til alle frå eit variert og godt matbord, og etter det var det quiz.
Ei lita helsing til ein med gebursdag i salen vart det også tid til, så då stemde alle i gebursdagssongen «Gratulerer med dagen». Triveleg !!

Programmet som 4H-arane underheldt med denne gongen hadde både sketsjar og konkurransar og mora publikum mykje.
Deretter var det loddsal og trekning  av masse gevinstar som var sponsa av lokale bedrifter på Hellesylt.

Også klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim helsa alle og rosa medlemane for flott innsats med oppgåvene. Ho fortalde frå arbeidet i fylkesorganisasjonen og om planar framover. Mykje var planlagt i tida som kjem.
-Det blir skapt mykje godt av klubbarbeidet, og eg er heldige som har denne fine jobben -, sa Silje mellom anna.

Til slutt var det utdeling av merker og diplom til alle. Ein flott gjeng unge 4H-arar fekk sine påskjønningar for oppgåvearbeid, godt utført nok eit år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →