Røyrhus kraftverk. (Foto: Tussa)
Laurdag 31. oktober blir Røyrhus kraftverk opna. Etter byggetid på vel to år er det fjerde kraftverket til Tussa i Stranda kommune klart for drift.
Til opninga av Røyrhus kraftverk laurdag 31. oktober har utbyggar Tussa invitert fleire. Til stasjonen som ligg like ved vegkrysset til Røyrhus kjem grunneigarar, naboar, samarbeidspartnarar og andre interesserte for å få sjå og få informasjon når kraftverket blir opna.
Programmet startar klokka 13.00 med velkomsthelsing frå konsernsjef i Tussa Olav Osvoll, og deretter vil ordførar i Stranda Einar Arve Nordang trykke på knappen og setje kraftverket i drift.
Ei stor hending for utbyggar og kommunen, men ikkje minst for grunneigarane i Røyrhusgrenda.
Tussa starta opp bygging av Røyrhus kraftverk men inntaksdam, røyrgate og kraftstasjon i 2024. No vel to år seinare står prosjektet til ein kostnad på 34. mill. kroner ferdig til bruk.
Røyrhus kraftverk har ein kapasitet på 5.9 GWh. Det tilsvarer årsforbruket til 300 husstandar. Kraftverket er eitt av fire til Tussa i Stranda kommune.
Inntaksdam for røyrgata til Røyrhus kraftverk. (Foto: Tussa)