Desse deltok med vakker song og musikk, frå venstre Gunnar Inge Eide, Øyvind Robak og Kristin Storstein. Bak sokneprest Ann Kristin Langeland.
Mange kom til Sunnylven kyrkje på allehelgensøndag, på ein vakker kveldstime i kyrkja med tale, og mykje song og musikk.
«Jeg er i herrens hender» song kyrkjelyden til opning under allehelgengudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag kveld. Og det var ei gudsteneste med mykje vakker song og musikk frå Kristin Storstein song , Øyvind Robak på fele og tangentar, og Gunnar Inge Eide på piano og kyrjeorgelet.
Og frå koren informerte kantor Ann Kristin Langeland og snakka godt og samlande.
Denne søndag kveld var det allehelgens gudsteneste i kyrkja, -på ein dag vi minnast dei vi har mista og som vi gjerne skulle hatt mellom oss, sa sokneprest Langeland. Då var det godt å samlast kring lysgloben i kyrkja denne kvelden der det vart tent lys for alle som hadde gått bort det siste året. Kyrkjetenar Randi Sæter som las tekstar under gudstenesta las også namna på dei som hadde gått bort når lysa i lysgloben vart tente.
Denne kvelden vart det som tidlegare nemt mykje vakker song og musikk frå Kristin, Øyvind og Gunnar Inge. Vi fekk høyre songar som var mindre kjente, men også frå Bjørn Eidsvåg sin songskatt og songen «Eg ser».
Og vi let oss imponere av songen som Edvart Hoem hadde skrive dagen etter at kong Harald V gjekk bort i august. Ein liten «gullskatt» som sikkert blir å høyre mange gonger seinare.
Før det heile vart avrunda med salmen «O bli hos meg» heldt Langeland ei kort, men god og reflektert tale på allehelgen kvelden, ord og innhald ein tek med på heimvegen.
Det var ei hyggeleg kveldsstund i Sunnylven kyrkje på Allehelgensdag 1. november. Her var mange gode ord å ta med på heimveg og ikkje minst mykje vakker song og musikk. Slike stunder er gode på ein fin haustkveld.
