«Karabandet» frå Hornindal kjem til Sunnylven kyrkjelydshus søndag 15. november.
Det blir mykje song og musikk på kyrkjelydshuset når «Karabandet» frå Hornindal kjem på besøk søndag 15. november.
«Karabandet » frå Hornindal blir nytt bekjentskap for medlemane i Sunnylven pensjonistlag. Søndag 15. november kjem sju gode musikarane i bandet til Hellesylt og skal underhalde på pensjonistlaget sitt november-møte. Ei gladstund og eit triveleg treff mange ser fram til.
Karane frå nabobygda spelar fleire instrument, gitar, bass, munnspel og trekkspel. Og i tillegg blir det heilt sikkert mykje gla`song også og triveleg julestemning i kyrkjelydshuset frå klokka 15.00. Det er berre å glede seg.
I tillegg til musikalsk underhaldning blir det på møtet servering av karbonadesmørbrød, kaffi og kaker, og det blir tombola.
Alt dette får ein til overkomeleg inngangsbillett, kr. 100.-
Meld deg på innan 10. november til;
Astrid tlf. 906 75 234, eller Odd Jostein, tlf. 957 52 330.
