Fire av dei fem studentane som skal presentere postvegen og aktivitetar i prosjektet. (Foto tilsendt)
Ei gruppe studentar frå Høgskulen i Volda skal i haust presentere postvegen og aktivitetar i prosjektet, mellom anna på strekninga over Ljøbrekka.
Det er fem studentar ved Høgskulen i Volda som har inngått ein samarbeidsavtale med skulen om å synleggjere mellom anna den gamle postvegstrekninga i Stranda kommune, frå Ljøkaia til Herdalen. Det skriv William Fagerheim ved skulen, som tidleg i september var på Hellesylt i samband med eit møte der utbetring og nye arbeid på Postvegen var oppe som tema.
Dei fem studentane frå Høgskulen som har fått oppgåva med presentasjonen er PR-studentane Hannah, Jack, Ingrid, Maiken og Tobias.
Studentane har skrive ein artikkel på postvei.no der dei presenterer seg sjølve og fortel om oppgåva dei skal arbeide med. Ein kan bli betre kjent med dei fem ved å gå inn på;
https://www.postvei.no/artikler/fr-postveske-til-instagram
I programmet for Postvegens digitale formidlingsseminar er det sett opp fleire postar med innleiing om prosjektet, korleis få fleire til å ta postvegen i bruk, og korleis gjere postvegen si historie levande.
På det fyrste seminaret er leiar i Storfjordens Vener, Inge Bjørdal med der han vil snakke om «Erfaring frå lokal samskaping og verdiskaping på fem strekningar».
Bjørdal tek for seg vegstrekinga frå Ljøkaia til Herdal i Stranda.
