Trenarar frå skikretsen gav teknikkråd
Torsdag kveld hadde ski- og skiskyttargruppa i Sunnylven IL si andre treningssamling i klubben denne hausten. På Hellesylt var også trenarar frå Møre og Romsdal skikrins med råd om teknikk i fristil.
Torsdag kveld hadde ski- og skiskyttargruppa i Sunnylven IL si andre treningssamling i klubben denne hausten. På Hellesylt var også trenarar frå Møre og Romsdal skikrins med råd om teknikk i fristil.
Økonominemnda i Sunnylven skulekorps har vedteke å arrangere juletombola også i år. Den blir på Hægstad Gård i samarbeid med Geiranger Baker fyrste søndag i advent.
Hægstad Gård på Hellesylt er seld frå Heltre AS til Flakk Invest AS. Onsdag vart det formelle med overdraginga ordna.
På komande søndag kveld er det allehelgensgudsteneste i Sunnylven kyrkje. Ei minnegudsteneste for alle som kjenner saknet etter nokon som har gått bort.
Lars Helge Hanssen med slektsrøter frå Nibbedalen i Sunnylven gjekk sigrande ut av konkurransen om Norges beste heimebrygga øl i klasse Mørk Lager & Bock.
Kristina Farstad Bjørdal og Asta Soffia Thorgeirsdottir hadde kvar sitt trekkspel på fanget då dei heldt konsert i Lensmannsstova på Lillebø tysdag. Det vart eit «stjernemøte» for eit 30-talls musikkinteresserte.
Til 1. november er det rapportert inn 333 felte hjort i Stranda kommune. Det er nesten halvparten av tildelte løyver.
Natt til søndag 31. oktober klokka 03.00 er det slutt på sommartid for i år. Då skal urvisarane stillast ein time tilbake.
Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til julemesse på Hægstad Gård/Geiranger bakeri laurdag 27. november. Grunna plassmangel blir det berre lokale utbydarar inne i lokala i år.
Onsdag spela Sunnylven G13 siste seriekamp denne sesongen. Den enda med ein nallsterk 6-4 siger over Volda 3.
Storm Duo består av to unge gjenter med kvar sitt trekkspel. Tysdag 2. november blir dei å sjå og høyre med konsert i Lensmannstova på Lillebø.
Fotballkampen mellom Sunnylven J13 og Ørsta 2. i same årsklasse på Hellesylt stadion vart aldri spanande. Frå midt i fyrste omgang og ut kampen fauk ballen i mål til heimesiger 6-1
Årets aksjonsveke mot rus startar i Stranda kommune torsdag 4. november med foredrag av Samuel Massie. Dagen etter er det konkurransar og rockekonsert i Strandahallen.
Sunnylven sitt J13-lag i fotball møter Ørsta2 på Hellesylt stadion i kveld klokka 18.30. Det er årets nest siste seriekamp på stadion.
TV Sunnmøre har i samarbeid med Storfjordens Venner laga 12 program om livet og hendingar på fjord -og fjellgardane langs Storfjorden. Fyrste program blir sendt torsdag 28. oktober.