Fekk ver og skiføre på Overøye.
Liabygda IL og Stordal IL langrenn var arrangørar av KM sprint, 6. renn i SBM Cupen, og sonerenn for 10 år og yngre. Snø fann dei på Langsætra og arrangerte godt.
Liabygda IL og Stordal IL langrenn var arrangørar av KM sprint, 6. renn i SBM Cupen, og sonerenn for 10 år og yngre. Snø fann dei på Langsætra og arrangerte godt.
Elias Helset, Sunnylven skiskyting er mellom deltakarane under Kvalfossprinten i skiskyting 25 og 26 januar. På sprint laurdag vart det ein flott 43. plass, søndag 36. plass.
Det blir fleire nye medlemer ved val av styret for Stranda Hamnevesen KF under kommunestyremøtet onsdag 29. januar.
Sparebanken Møre flytter til nye banklokale på Stranda i midten av februar. I samband med flyttinga blir det nokre endringar for banken sine kontor på Stranda og Hellesylt.
Kløvertur med Sunnylven sanitetslag onsdag kveld fekk fint ver. Plussgrader, vindstille, ikkje nedbør og flaumljos frå Hellesylt stadion som lyste opp det meste av turen.
Torsdag 23. januar skulle Sunnylvscup på ski starte opp med fyrste renn vinteren 2019/20. Grunna forholda og elendige vermeldingar blir rennet utsett inn til vidare, melder skigruppa.
Sunnylven Skyttarlag arrangerte lagsmeisterskap i miniatyrskyting for alle klasser tysdag kveld. Det deltok heile 18 skyttarar, med eit aldersspenn på over 70 år. Skyting er ein sport for alle uansett alder.
Sparebanken Møre har tidlegare bidrege med store gåvebeløp til anlegga i Hyttehola, men banksjef Stig Tryggestad kom ikkje tomhendt til opningsfesten for anlegga til Sunnylven IL og Sunnylven skyttarlag.
På møte i formannskapet måndag 20. januar drøfta formannskapet om Stranda kommune skulle endrar stillingstittelen rådmann til kommunedirektør. Det vart inga endring.
Med fulle veggrøfter av snø og mykje nedbør som regn fekk vegen til Røyrhus betydelege skader natt til 21. januar. Det hindra mellom anna skuleruta i å kome fram.
Laurdag 18. januar var det KM i skiskyting på Ullsheim med Markane IL som arrangør. Mellom 70 og 80 løparar stilte til start under normalprogrammet.
Sunnylven Idrottslag og Sunnylven skyttarlag har bygt nytt klubbhus, garasje og tidtakarbud i Hyttehola fleirbruksanlegg til 5.4 mill. kroner. Laurdag vart nybygga feira med opningsfest.
Sunnylven Idrottslag kallar inn til årsmøte torsdag 19/3 – 2020 klokka 20.00 på Øcal