Trimtreff i Holedalen
Det blir trimtreff i Holedalen søndag. Og nye skilt for merking av råser og andre sjåverdige opplevingar er komne på plass.
Det blir trimtreff i Holedalen søndag. Og nye skilt for merking av råser og andre sjåverdige opplevingar er komne på plass.
I morgon, tysdag dreg ungdomssteget ved Sunnylven skule på overnattingstur til Holedalen. –Kyrne er henta heim, så då skal vi overnatte i telt,- fortel jentene.
Lokalnytt / Sommardagar på Hellesylt 2008
by Fredrik Stadheim · Published 1. september 2008 · Last modified 14. desember 2014
Måndag 8. september skal Sommardagar på Hellesylt 2008 få sin karakter på oppsumeringsmøte. Arrangementsansvarleg Magne Brekke håper møtet vil belyse både gode og mindre bra sider ved årets superhelg på Hellesylt, til nytte for seinare arrangement.
Utbetring av Den Trondhjemske Postvei frå Ljøkaia og oppover skal halde fram. Denne veka var folk frå fylke, Verdsarvorganisasjonen og Stranda kommune på synfaring saman med grunneigarar og medlemer i Hellesylt Næringslag.
-Byggeforbudet langs Storfjorden har stoppa all nybygging og nyetablering i strandsona i heile området. På Hellesylt har investorar planar klare for eit nytt hotell, men får ikkje bygge. Skuffande-, sa leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole til NRK.
I helga hadde Stranda skigymnas og løparar frå Storfjordlangrenn barmarksamling på Hellesylt. Rundt 20 løparar med fire trenarar og fleire leiarar var med på samlinga frå fredag til søndag.
Det gode veret held fram, men trimsesongen for poengsankarar i fjellsko går mot slutten i Sunnylven IL. I løpet av oktober blir poengbøkene skifta på alle trimpostar.
Det nye våningshuset i Holen er blitt del av Hellesylt bygdetun. Fleire nyttige funksjonar og spanande attraksjonar blir planlagde der, fortel Karl Johan Øie.
Tysdag 23. september serverer elevar frå matlinja ved Stranda vidaregåande skule smaksprøver på tradisjonsmat etter 100 år gamle oppskrifter. Verdsarvskulen har henta det meste av råstoffet frå Verdsarvområdet.
Topplaget Norborg fekk stryk på Hellesylt stadion laurdag. Sunnylven vann 3-2 etter mykje godt spel, spesielt i andre omgang.
Alf Ole Sundgot skyt ofte blink på fotballbana. Nyleg gav han også ein kronhjort på 133 kilo ein velretta fulltreffar.
Mange var innom Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafè på samfunnshuset, ein sosial treffstad over ein kopp kaffi med noko attåt.
Rundt 50 personar møtte på Tronstad grendahus for å sjå og smake på det elevar frå matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule hadde laga etter 100 år gamle oppskrifter. For arrangøren Bygdetunets Venner vart kvelden ein suksess.
Sunnylven Bygdekvinnelag har sitt eige medlemsblad. Nyleg kom det ut eit nytt nummer der det blir fortalt om aktivitetar som har vore, og som vil kome.
Nyleg runda riksveg 60, Ljøvegen 46 år etter opning, ein veg som i 1962 var eit stort framskritt innan samferdsel. Men sjølv med tre lange tunnelar vart ikkje vegen rastrygg. Neste år startar rassikring med nye tunnelar.
Tore Rusten trudde nesten ikkje det han såg då han kikra etter hjort midt på dag søndag. På innmark nokre hundre meter frå han gjekk ein stor kronhjort og beita.
2019-04-19 : På Ljøkaia
2019-04-19 : Øl for alle smakssansar
2018-04-19 : Dugnad på Peer Gynt Galleriet
2018-04-19 : Vårtreff med revyinnslag
2017-04-19 : Årsmøte i Hellesylt songlag
2016-04-19 : Storflaum fylte laksetrapp med grus
2016-04-19 : Skuletrapp ferdig mura
2016-04-19 : Fullklaff for ekstremsportarrangement
2015-04-19 : Deltok på Fylkesmønstring
2015-04-19 : Kajakkpadlarar
2015-04-19 : Video frå X2 BASE
2013-04-19 : Nær uavgjort i treningsturnering.
2013-04-19 : Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS.
2010-04-19 : Verdsarvmarkering får skulekunst
2009-04-19 : Generalprøve før Tomra Ørskog Festival