Author: Fredrik Stadheim

Basehopparar inntek Hellesylt

Torsdag 8. juli er dei fyrste fjellflygarane på plass på Hellesylt. World Cup-konkurransen frå fjellet Helsetkopen startar med innleiande runde kl. 13.00 fredag og varer til søndag.

Film frå elvepadling i Bygdaelva.

I samband med X2 Festivalen i Ørsta nyleg, vart padlekonkrransen X2 Creek arrangert i Bygdaelva i Sunnylven. Sjå film frå konkurransen. Gå til lenke under og sjå film frå Steimsåsane i Bygdaelva. http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=58995 (padlekonkurranse xcreek)

Demens ramar stadig fleire

Demens er ein folkesjukdom som rammar stadig fleire. Ikkje berre eldre personar får sjukdomen, også unge kan verte råka og får ein vanskeleg kvardag.

Besøkte ny trimpost

Mange hadde leita fram fjellskoa igjen då friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL inviterte til treff på Nausane, ein ny poengpost i lia sør for Hellesylt sentrum. Den fyrste som fekk namnet sitt i trimboka var Hege Ringdal.

Friska opp køyrereglar

På Hellesylt sette 12 pensjonistar seg på skulebenken og friska opp kunnskapar om bilkøyring, reglar og skilt. Kurshaldar var sjåførlærar Oddvar Tryggestad, Ålesund, med slektsrøter frå Hellesylt.