Author: Fredrik Stadheim

Hellesylt Fossepark, ny turistmagnet

Mykje tyder på at Hellesylt Fossepark blir ein realitet til våren. Det blir gangstiar på begge sider av Hellesyltfossen med utkikkspunkt og lyssetjing, og den naturskapte attraksjonen vil bli ein enno større turistmagnet.

Nye latterkuler med HUL-teatret

Fjerde juledag inviterer HUL-teatret til nye latterkuler på Sunnylven samfunnshus. No bli siste finpuss på replikkar og rørsle innstuder på ei ny, ellevill komedie.

Fekk gåver for fotballinnsats

Å gje ros og takk til personar som gjer ein innsats for fellesskapet er viktig. -Gje dei ei gåve medan dei er i live, når dei er døde er det for seint,- seier Martin Janssen.

Kjevlar ut julebaksten

Åse Sæter og Annbjørg Fivelstad har gode kjevle. Handtaka blir ekstra blanke i desse dagar, for dei kjevlar ut og steiker både harding og flatbrød så mykje dei maktar. Kjøparane har blitt mange til jul.

Ønskjer alle god jul

I mars er det to år sidan Hellesylt Vekst a/s vart skipa. På eiga heimeside helsar utviklingsselskapet god jul til samarbeidspartnarar og gode støttespelarar.  

Kortfilm Hellesylt 2008 og Nyttårssalutt

  Her er ein kortfilm med bilder frå Hellesylt året rundt. Filmen er laga av Hans Kristian Stadheim og med bilder av Fredrik Stadheim. Trykk på vedlagt link for kort film og for nyttårssalutt! Kortfilm: http://www.youtube.com/watch?v=dV1nP7mglAA&feature=channel_page Nyttårssalutt: http://www.youtube.com/watch?v=tUoFxmXZmhY

Fredrik vart takka for innsatsen

  Ved ei enkel tilstelling i jula, vart Fredrik Stadheim takka for alt arbeid han har lagt ned for heimesida til Hellesylt Vekst. Ved ei enkel tilstelling i jula, vart Fredrik Stadheim takka for alt arbeid han har lagt ned for heimesida til Hellesylt Vekst. Internettsida hellesylt.no er...

Mange besøkte julemessa

Dagen før fyrste søndag i advent vart det arrangert julemesse på Hellesylt for aller fyrste gong. Det vart ein suksess som kan bli fast innslag for seinare.

”En gudelig Sammenkomst…”

Fredag 28. november er det på dagen 150 år sidan soknepresten heldt ei tale frå kordøra i den då nybygde Sunnylven kyrkje. Kyrkja vart vigd til bruk i august året etter, så 1859 er året alderen på kyrkja blir rekna frå.

Sørperas ved Stadheim

Stengte vegar på grunn av mildver og ras skapte problem for fleire som skulle på jobb på Hellesylt torsdag. Både Ljøvegen og fylkesveg 80, Hellesylt Vollset var stengte.