Author: Fredrik Stadheim

Ikkje damelag i Sunnylven

Sunnylven Fotball stiller ikkje damelag i serien 2011. Det vart bestemt på styremøte denne veka etter at undersøkingar hadde vist at spelarstallen var for liten.

Snørydding på Stadion

Fotballgruppa i Sunnylven IL har tillyst dugnad laurdag for å rydde fotballbana på Hellesylt stadion for snø. Leiar Steinar Hjelle håper at minst halve bana kan bli grøn og at mange stiller på.

Skigruppa med nye løyper

Rikeleg med snø og stabilt godt ver gjer at skigruppa i Sunnylven IL har køyrt opp nye løyper i Kjellstadli. I tillegg til lysløypa er rundløypa frå Røyrhus bru, Seljehaugen til Kjellstaddalen preparert for både klassisk og fristil.

Klart for bedriftscup i skyting

Sunnylven skyttarlag inviterer til bedriftscup i miniatyrskyting. Som tidlegare år blir konkurransane avvikla på laget si miniatyrbane i klubbhuset på Hellesylt stadion.

Sunnylvscup på ski 2011

Det nermar seg fyrste renn i Sunnylvscup på ski 2011. Skigruppa har sett opp datoar for seks renn der deltaking i tre gjev premie. Skigruppa treng hjelp av foreldre med avvikling av konkurransane og har sett opp arbeidslister.

Rydda snø i skianlegget

Store snømengder i skianlegget til Sunnylven IL i Hyttehola førte til ekstra dugnadsinnsats denne veka. Då vart alle tak på bygningar rydda for snø.

Fleire KM-medaljer i skiskyting

I helga vart KM i skiskyting arrangert på Ullsheim i Markane. Deltakarane kom frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Frå Sunnylven IL deltok 21 løparar.

Basehopparar inntek Hellesylt

Torsdag 8. juli er dei fyrste fjellflygarane på plass på Hellesylt. World Cup-konkurransen frå fjellet Helsetkopen startar med innleiande runde kl. 13.00 fredag og varer til søndag.