Author: Fredrik Stadheim

Jenter 12 -7er vann

Her jublar Sunnylven jenter 12 år etter 5-2 siger over MSIL grøn i årets fyrste kamp. Kampen vart spela på bortebane måndag kveld. Trenarar for laget er Synnøve Kjellstad / Knut Dag Langeland / Geir Støverstein. Oppmann: Borghild Sporstøl  

Innestengt kraft kan bli hydrogen

I eit intervju med nettavisa NETT.NO går forretningsmannen Knut Flakk inn for ferjer med hydrogendrift på Geirangerfjorden. Hydrogenproduksjonen vil foregå på Hellesylt ved bruk av «innestengt kraft».

No startar vårpussen i Sunnylven

I og kring Hellesylt blir det rydding dei neste dagane. På Hellesylt inviterer Coop Marknad unge og eldre til ryddeaksjon, og også Stranda Energi stiller opp for ein vakker vår i Sunnylven.

Konfirmasjon i Sunnylven 2019

I Sunnylven er det konfirmasjon i Sunnylven kyrkje laurdag 4. mai kl. 11.00 Konfirmantar 2019: Isak Elias Frøysadal Hauge Sofie Kvamme Knutsen Olai Sætreås Kristoffersen Adrian Nakkharach Spjelkavik Renate Grov Øksvang

Skal teste varsling av fjellskred

Åknes/Tafjord Beredskap vil torsdag 2. mai teste ut varslingssystemet for eit eventuelt fjellskred i Storfjordområdet. Det er ikkje endra bevegelsar i fjella så varslinga er ei prøv.

Markerte Verdas bokdag

Avslutning på lesesamlingar, bokåret 2019 og Verdas bokdag 23. april vart markert ved Sunnylven skule tysdag. Lesevennene frå Sunnylven sanitetslag spanderte gosaker og gåvesjekk til elevane.