Author: Gunnar Sårheim Fivelstad
Det kom akkurat 50 personar på trimtreff i mørket som trim- og friidrettsgruppa arrangerte ved Nestevatnet onsdag kveld. 19 barn, 31 vaksne og 1 hund vart registrert. Det var -4 grader, vindstille og flotte forhold. Det vart tent opp bål ved Nestevatnet og mange kosa seg der, medan...
I Sunnylvingen frå 18. november 1983 kunne ein mellom anna lese fyldige oppsummeringar frå fotballen dette året. Det har vore avslutning for gammaldanskurset, og bondelaga har arrangert hyggefest. Helgesvingen vert utvida og det har vore tjuveri av stamlaks i Korsbrekkelva.
I Sunnylvingen frå 4. november 1983 kunne ein mellom anna lese om storflaum i Bygdaelva, at 1983 ikkje var eit kronår for turistnæringa og at aksjon Menneskeverd samla inn 19.000 i Sunnylven. Knut Frøysa debuterer med boka «Fredlaus» og i eit større intervju ser Ingolf Ringdal tilbake og...
Frå Svein O. Hauge har vi fått tilsendt to gamle bilder. Det øverste bildet klarte vi å identifisere. Dette bildet var saman med eit anna bilde profilert som «det gamle foto» i Sunnylvingen nr. 10, frå 4. mai 1982. Teksten som stod ved sidan av dette bildet var skriven av...
I Sunnylvingen frå 21. oktober 1983 kunne ein mellom anna lese at Sunnylven tapte kampen om opprykk til 6. divisjon, skatteoppgjeret førte til ny baksmell for Stranda kommune, i Moldskreddalen er det storsatsing på geiter og seterdrift, 4H har hatt avslutningsfest og Ringdal & co har flytta inn...
I Sunnylvingen frå 7. oktober 1983 kunne ein mellom anna lese om at Åram slo Sunnylven i den fyrste kvaliseringskampen om opprykk til 6. divisjon. Sunnmøre meieri, avd sunnylven produserar brunost i toppklasse, Ole Ringdal AS har også i år engelske saueklipparar og distrikslækjaren har flytta kontordagane på...
I anledning brannvernveka 2018 vart det arrangert open dag på brannstasjonen i Ringdalsåsane. Veret var ikkje det beste, men det vart likevel eit godt besøkt arrangement.
I Sunnylvingen 23. september 1983 kunne ein mellom anna lese om valgresultatet i Stranda kommune.Småbåteigarlaget ønskte seg hamn ved kaia og A-laget knuste Haramsøy 4-0. «Det gamle bildet» var frå Helgesvingen i 1940 og ein lynaksjon gav 40.000 til nytt kyrkjeorgel. Bruk pilene nede i venstre hjørne til...
Laurdag 22. september er det åpen dag på Hellesylt brannstasjon mellom klokka 11:00 og 14:00. Dette er i forbindelse med brannvernveka 2018.
Jentene frå Stranda/Sunnylven slo fyrst ut Ekholt BK i 1/16-finalen tidlegare i dag. Kampen enda 1-0 etter scoring av Sara Sæther. Dermed var det klart for 1/8 finale for jentene. Denne gjekk mot Bud IL. Romsdalingane viste seg som eit raskt og teknisk lag og vann 6-2. Dermed...
Norwegian Jade var på besøk på Hellesylt i dag, 1. august. Skipet er bygd i 2006 og er 294 meter langt. Registreringsland er Bahamas. Det er 2000 passasjerar om bord og det er tredje gong i 2018 at skipet er på Hellesylt.