Author: Gunnar Sårheim Fivelstad

Mein Schiff 1

Mein Schiff 1 besøkte Hellesylt torsdag ettermiddag før avgang vidare til Kristiansand. Mein Schiff 1 er 315 meter langt og seglar under maltesisk flagg.

VOLVO-BILAR TIL BARNEHAGEN

-Løyvingane til inventar og leiker er ikkje alt for store til den nystarta Sunnylven Barnehage, og vi har m.a. hatt behov for fleire leikebilar. Mest for moro skreiv difor borna i barnehagen brev til direktør Pehr G Gyllenhammer i Volvo med spørsmål om han kunne tenkje seg å...

GRØNT GRAS PÅ STADION

Arbeidet med det nye Hellesylt Stadion ved Jogardsbøen nærmar seg no si fullføring. Alt i dag kan ein  med sjølvsyn slå fast at det vert eit flott anlegg på alle måtar, og eit anlegg som bygdefolket vil få både mykje nytte og glede av. Grasbana er alt grøn...

AidaSol ved kai.

AidaSol seglar under italiensk flagg. Skipet vart bygd i 2011 og er vel 253 meter langt. Skipet var på besøk på Hellesylt eit par timar om morgonen den 16. mai før det deretter segla vidare til Geiranger.

Tre lag med i turnering i Sykkylven.

På Kristi Himmelfartsdag sesongopna tre av dei yngste laga til Sunnylven. Det aller yngste laget til Sunnylven J-07 spela si fyrste turnering nokon gong og vann alle tre kampane sine. Og kanskje kjekkast av alt så kom alle spelarane på scoringslista. Dette laget er trena av Linn Kammen...

Hoffenheim til topps !

Det måtte ekstraspørsmål til for å avgjere vinnaren på påskequizen. Etter to omgangar var det likt mellom Hoffenheim og «Fyr og flamme». Men kun Hoffenheim visste kva Hallvard Devold var kjent som og stakk då av med sigeren på ein godt besøkt påskequiz. 17 lag deltok i quiz’en...

GRENDAKVELDEN VART SUKSESS FOR BYGDARANE

Tradisjonen med ein årleg grendakveld vart fint ført vidare av Bygdarane laurdag. Den 8. grendakvelden i ei ubroten rekke, samla stuvande fullt hus og både program, mat og dans til slutt var av aller beste merke. Og neste år er det så sjøarane som skal føre tradisjonen vidare.

Sunnylvsrennet 2018

Etter at skiskytterane var ferdig med premieutdeling var det  skigruppa som tok over stafettpinnen i Hyttehola . Sunnylvsrennet gjekk som fristilsrenn med enkeltstart til og med 12 år, som fellesstart for 13 år og eldre.

Sprint i Hyttehola

  Søndag var det sprint med 2 skytinga og strafferunder ved bomskot, som sto på rennprogrammmet for alle klasser i Hyttehola. Lengda på strafferunden er frå 100-150 m alt etter alderen på løparane. Som vanleg gjekk alt på skinner for skiskyttargruppa i Sunnylven IL.