Category: Dagens Bilde
Sommar i Holedalen
Då er snøen borte og sommaren komen også i Holedalen. God vassføring i elva som biletet frå sætrestølen på Holesida.viser.
I Verdsarvfjorden
Sol og mektige naturopplevingar i Geirangerfjorden fyrste pinsedag 2020. (Foto: Olav Hauso)
Regnbogen
Årets fyrste observasjon av regnboge, eit optisk fenomen når sol og regn møtes. Litt usikker på kva gardsbruk regnbogen gjekk ned på denne gongen. Etter gamal tru skal der ligge ein skatt!!