Category: For 35 år sidan

For 35 år sidan : Sunnylvingen 14 mai 1982

I Sunnylvingen frå fredag 14. mai 1982 kunne ein mellom anna lese om Sunnylven sanitetslag som feira 70-årsjubileum, Sunnylven vart premiert i Holmenkollstafetten. Ein turist ramla i Hellesyltfossen og Sunnylven bondelag arrangerte skogdag på Frøysa. Det gamle foto er frå 17-mai feiringa i 1925. Eg har plukka ut...

VERSTE SNØVERSPÅSKE I MANNS MINNE

Det som lenge teikna til å kunne bli ei påske i vårens teikn, utvikla seg på dei indre strøk av Sunnmøre til å bli den verste snøverspåska i manns minne. Fram mot 2 meter nysnø vart det målt somme stader i Sunnylven, og problema hopa seg opp. Men...

GRENDAKVELD FOR SJUANDE GONG

    For 7. gong i ei ubroten rekkje gjekk Grendakvelden av stabelen laurdag, med Langedølene som vertskap. Denne festen har blitt ein tradisjon det vert stilt store forventningar til, og over 400 fylte Samfunnshuset til siste plass og vel så det. Det vart ein på alle måtar...

AUKA UTLÅN FRA BIBLIOTEKET

  Utlåna ved Stranda Folkebibliotek sin filial i Sunnylven har synt ein fin auke siste året. l 1981 vart det lånt ut 3019 bøker, mot 2508 året før. Det er filialstyraren, Alida Langeland, som fortel dette til «Sunnylvingen».

1982: GODT ARBEIDSÅR FOR HELLESYLT U.L.

Hellesylt Ungdomslag har avvikla årsmøtet sitt og kan sjå attende på eit år med god og variert aktivitet, sjølv om det økonomisk har blitt eit mindre underskot.  Ungdomslaget har difor fortent betre enn at berre ei handfull medlemmar møtte fram til årsmøtet. Dette særleg på bakgrunn av at...

Gjenval i skulekorpset – Helge Fivelstad ny dirigent

Årsmøtet i Sunnylven Skulekorps vart halde tysdag 27. oktober. Formannen i laget, Solveig Høgalmen, ønskte velkomen, og skulekorpset spela deretter tre musikkstykke under den nye dirigenten sin, Helge Fivelstad. Årsmelding og rekneskap vart refererte av Roger Tryggestad, og dei syner eit godt driftsår for skulekorpset. Det har siste...

FOTBALLEN LAGT PÅ HYLLA FOR l ÅR

Ein lang og hektisk fotballsesong er til endes, og alle laga til Sunnylven IL har avvikla seriekampane sine. I tillegg har dei og delteke i ulike turneringar. Fotballgruppa har hatt ei travel tid i sommar. Om lag 100 kampar har dei stått for, av desse har ca 40...

TRONSTAD GRENDAHUS HØGTIDELEG INNVIGD

Tronstad Grendahus vart høgtidleg innvigd 20. juni. Rundt 90 gjestar og grendafolk møttest til fest i det flotte grendahuset, der dei fekk høyre og sjå eit variert program og vart serverte velsmakande rjomegraut , spekemat og kaffi. At dei innbedne sette pris på festen, skjønar vi av at...