Category: Lokalnytt

Program med Erle i NRK Super

Gjennom det siste året har eit TV-team følgd ni år gamle Erle Kvamme Rusten i skyting for å lage eit Tv-program for NRK Super. No er programmet ferdig og er presentert på NRK Nett-tv.

Konfirmasjon i Sunnylven

Det blir konfirmasjon i Sunnylven kyrkje laurdag 18. september. Då blir det to gudstenester slik at familie og gjestar til konfirmantane får plass i kyrkja, opplyser prestevikar Ann Kristin Langeland.

Fjøsbesøk for Jenny Klinge

Lønsemda i Norsk landbruk er på eit lavmål og snart i kneståande, hevdar næringa. No bed bøndene om at politikarane verdset arbeidet deira med timeløn på høgde med andre næringar.

Potetballdag på Hægstad Gård

Torsdag 16. september blir det servering av potetball med tilbehør på Hægstad Gård. Det er Sunnylven pensjonistlag og drivarane ved Geiranger Bakeri på Hellesylt som inviterer.

Spanande potetopptaking

Etter ein fin sommar og god vekst var det tid for potetopptaking på Storstein. Til å få Astrix-potetene i kasser fekk vi hjelp av born frå Sunnylven barnehage.

Registrerer skadar på blåbærlyng

Våren 2020 vart ni prøveflater i Stranda kommune gjerda inne for å måle skaden på blåbærlyng som følge av hjort og vinterbeiting. Resultata varierte frå nesten ingen til betydeleg skade, viser undersøkinga.