Kulturkveld
Tysdag 23. september serverer elevar frå matlinja ved Stranda vidaregåande skule smaksprøver på tradisjonsmat etter 100 år gamle oppskrifter. Verdsarvskulen har henta det meste av råstoffet frå Verdsarvområdet.
Tysdag 23. september serverer elevar frå matlinja ved Stranda vidaregåande skule smaksprøver på tradisjonsmat etter 100 år gamle oppskrifter. Verdsarvskulen har henta det meste av råstoffet frå Verdsarvområdet.
Alf Ole Sundgot skyt ofte blink på fotballbana. Nyleg gav han også ein kronhjort på 133 kilo ein velretta fulltreffar.
Mange var innom Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafè på samfunnshuset, ein sosial treffstad over ein kopp kaffi med noko attåt.
Rundt 50 personar møtte på Tronstad grendahus for å sjå og smake på det elevar frå matfaglinja ved Stranda vidaregåande skule hadde laga etter 100 år gamle oppskrifter. For arrangøren Bygdetunets Venner vart kvelden ein suksess.
Sunnylven Bygdekvinnelag har sitt eige medlemsblad. Nyleg kom det ut eit nytt nummer der det blir fortalt om aktivitetar som har vore, og som vil kome.
Nyleg runda riksveg 60, Ljøvegen 46 år etter opning, ein veg som i 1962 var eit stort framskritt innan samferdsel. Men sjølv med tre lange tunnelar vart ikkje vegen rastrygg. Neste år startar rassikring med nye tunnelar.
Tore Rusten trudde nesten ikkje det han såg då han kikra etter hjort midt på dag søndag. På innmark nokre hundre meter frå han gjekk ein stor kronhjort og beita.
I helga kom vèromslaget frå sommarlege haust til meir kjøleg temperatur. Mange leita sikkert fram både ullraggar og topplue. Truleg vil ”meliset” på dei høgste toppane smelte bort.
Stranda sitt damelag i 3. div. spelar god fotball, men slit med å skore mål og vinne kampar. Laurdag klatra spelarar og leiarar i Cinclus Park si aktivitetsløype i Åsen. Kanskje blir det klatring også på tabellen etter luftige opplevingar.
Midt i Sunnylven kneisar Steimsnibba 1285 meter høg, eit mykje nytta turmål for unge og eldre. Utsikta frå toppen er unik, og om nokon treng kvile til neste dag, er det berre å ta inn i ei stor og rømeleg steinbu.
På Hellesylt er opplysningstavla for Verdsarvområdet på plass ved Hellesylt bro. Skilta som har opplysningar om Verdsarvområdet, er tinga og kosta av leiinga i organisasjonen.
I Sunnylven er arbeidet med å merke turstiar med Verdsarvskilt kome i gang. Laurdag var fleire sprekingar over Steimsnibba med trimkasse og namneskilt.
Det var røverdrama på Hellesylt måndag. ”Kasper” og ”Jesper” frå Litauen hadde barberblad som samleobjekt då dei plukka frå butikkhyllene ved Spar Ringdal & co.
I Sunnylven er merking av Verdsarvråser med dei nye skilta godt i gang. Onsdag kom det fyrste på plass i Åsen med skilting til Hellebostad.
Treskjerar Oddvin Parr reikar rundt i verkstaden sin. Han gruer for å levere frå seg sitt siste relieffbilde han har kalla Valkyrje. –Det blir så tomt her,- seier han. Store deler av endeveggen er pryda med meisterverket som har motiv frå kring år 1000.
Det hagla med superlativ etter at dei fire ”himmelflygarane” hadde landa på flatene ved Helsetvatnet. Bak kneisa Helsetkopen med sine 1246 meter og får karakteren heilt topp.
2019-04-14 : Ved Nedstevatnet
2019-04-14 : Dugnad i Sunnylven barnehage
2019-04-14 : Det grøne skiftet til Sunnylvsbygda
2018-04-14 : Stilte ut historisk sportsutstyr
2018-04-14 : Stranda kommune ønskjer innspel
2017-04-14 : Årsmøte i Ljøbrekkas Vener
2017-04-13 : Ølkveld med Geirangerøl
2016-04-14 : X2 Festivalen har rigga klart
2016-04-14 : Innsamling av grovavfall i Sunnylven
2015-04-14 : Frå noteark med mykje kjærleik
2014-04-14 : Frå grendakvelden
2014-04-14 : Stor stemning på grendakveld
2014-04-14 : Sterkt av Kari-Anne Tryggestad Ryste
2014-04-14 : Skal drive Peer Gynt Galleriet
2013-04-14 : Tårnagentar hjelpte i kyrkja
2012-04-14 : X2-fest i Bygdaelva
2012-04-14 : Satsar frå Helsetkopen i juli