Med Bygdekvinnelaget på ”blåtur”.
Rundt 25 medlemer og andre har meldt seg på Sunnylven bygdekvinnelag sin dagstur ”i det blå”. Det er avreise med buss frå Hellesylt laurdag morgon.
Rundt 25 medlemer og andre har meldt seg på Sunnylven bygdekvinnelag sin dagstur ”i det blå”. Det er avreise med buss frå Hellesylt laurdag morgon.
Søndag, 1. juni inviterer friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL til trimtreff på Nedstevassætra, forbi Vollset mot Flofjellet.
Nyleg vart kurset ”Skal-skal ikke” halde på Hellesylt med 17 deltakara frå fleire stader på Sunnmøre. Mykje konkret informasjon om oppstart av eiga bedrift kom fram, og som sikkert var nyttig for nye bedriftseigarar.
Om det går som tenkt skal Hellesyltfossen få monterast lyspunkt i berget. Eit pilotprosjekt som kan bli eit unikt skue på mørke vinterkveldar når is og vassmasser blir lyst opp.
Gode temperaturar har ført til stor snøsmelting dei siste dagane. Snart er den populære turvegen frå Vollset til Flofjellet snøfri til Stegholen.
På generalforsamling i Hellesylt Vekst a/s tysdag vart Jan Ove Tryggestad vald til ny styreleiar. Han tek over etter John Breivik som hadde sagt frå seg attval
Postvegen få Ljøen til Ljøkaia er ei populær turrute for folk flest om sommaren. Stadig veksande vegitasjon har øydelagt mykje av den flotte utsikta, men no er arbeid i gong med skogrydding. Ei ny og lite nytte strekning av Postvegen er leita fram.
Ole Ringdal A/S håper å kome i gang med byggearbeid for utviding av bedrifta neste år. Det sa assisterande dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal på Bygdemobiliserings-møtet på Peer Gynt Galleriet onsdag.
Nyleg vart fjerde samlinga i møteserien om Bygdemobilisering i Sunnylven halde. Lokale og tilreisande personar sytte for informasjon om mange aktuelle emne til mellom 40 og 50 personar på Peer Gynt Galleriet.
Det er slutt på mjølking av geit på Vesterås i Geiranger, fortalde Per Westerås på bygdemøtet på Hellesylt onsdag. Landbrukspolitikken har ikkje invitert til drift på slike brattlendte bruk, meinte han. I staden har det blitt turisme med turisthytter og låven som restaurant. Garden Vesterås i Geiranger har...
Tysdag denne veka hadde elevar ved Sunnylven skule ryddeaksjon ute, både kring skulen og i Hellesylt sentrum. -Vi vil ha det ryddig og reint,- sa tre jenter vi møtte.
Ein ny tursti til Svarthammaren blir klar til bruk i løpet av mai. Det blir tredje merka tilkomst til det flotte utsiktspunktet i lia ovanfor Hellesylt sentrum.
Mange var innom Sunnylven bygdekvinnelag sin Kafe Snurrepiperier laurdag 8. mars, både for å slå av ein prat over ein kopp kaffi, og ikkje minst sjå ei interessant fotoutstilling frå eldre tid.
Britt Pernille Frøholm har gjort folkemusikk og slåttar til sitt ykre. På den fyrste plata ho gav ut er med 19 slåttar frå Hornindal og Kjellstad i Sunnylven. Smakebitar frå CD’en fekk mange frammøtte på Sunnylven samfunnshus høyre sist søndag.
På Hauge i Sunnylven beitar store flokkar hjort kvar kveld. Over 30 små og store dyr er talde enkelte gongar.
Norges Vassdrags-og energidirektorat har gjeve konsesjon til to kraftprosjekt i Sunnylven, Litlebø kraftverk og Ringdal kraftverk. Sætreelva kraftverk fekk avslag mellom anna på grunna av det særprega fosselandskapet til elva.