Category: Lokalnytt

Nedre Reset ryddar trivselsplass

I mai delte styringsgruppa for bygdemobilisering ut fem tilskot på 10.000 kroner kvar til trivselsfremjande tiltak. Leikeplassen på Nedre Reset var eitt av prosjekta, og her er arbeidet i gong.

Sommaravslutting ved Sunnylven skule

Fredag 19. juni var det sommaravslutting på enno eit læringsår ved Sunnylven skule. Samlinga i samfunnshuset var etter tradisjonelt opplegg med programinnslag, utdeling av vitnemål og ei enkel servering.

God opning i Korsbrekkeelva.

Laksefisket starta i Korsbrekkeelva i dag tidleg og fisken let ikkje vente med å ”bite” på kroken. 15 laks på nokre få timar var ein rekordbra start den fyrste fiskedagen.

Snart filmopptak i Kopen

Det nærmar seg filmopptak med basehopp i Helsetkopen. Kanskje torsdag eller fredag, men om veret blir vanskeleg blir det ikkje før neste veke, seier Tom Erik Heimen.

Henta heim prisen

Leiar i ungdomsklubben May-Helen Hole, dagleg leiar Inge Hole og styreleiar Jan Ove Tryggestad i Hellesylt Vekst var til stades under opning av fylkestinget i Ålesund og tok mot prisen som ”Utviklingsbygda 2009”. Fylkesordførar Olav Bratland overrekte utmerkinga som er 25.000,- kroner og eit bilete i akvarell.