Category: Lokalnytt

Elevarbeida imponerte

Sunnylven skule avslutta grunnskuleveka med program og utstilling av flotte elevarbeida. Det vart både rosande omtale og mykje besøk i kasseromma og under programdelen.

Rekordoppslutnad om fjelltrimmen 2008

Friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL har talt opp alle registreringar på dei 23 trimpostane som laget legg ut kvart år. Antall noterte trimtreff er det beste noko år. Totalt har det blitt 7756 vitjingar på dei 23 postane. Her er lista, ikkje rangert: 1. Sendaren Ringdal 648 2. Stegholen...

Eit godt år for TINE

Tine vart årets merkevareleverandør, og salet av meieriprodukt går så det susar. Mykje tyder på at meierigiganten får eit nytt, godt driftsår.

Attval i Sunnylven Bondelaget

Endre Frøysa held fram som leiar i Sunnylven Bondelag. Nils Kåre Frøysa vart nytt styremedlem etter Inge Røyrhus som sa frå seg attval. Resten av styret held fram.

Stor markering av kyrkjejubileum

Sunniva-koret og Hanne Krogh er mellom mange kjente aktørar som blir å høyre når Sunnylven kyrkje rundar 150 år i 2009. Jubileet for kyrkja startar med gudsteneste nyttårskvelden, og deretter blir det ulike markeringar til september.

Sanitetsbasar samla fullt hus

    Det var stor oppslutnad om Sunnylven sanitetslag sin basar på Sunnylven samfunnshus søndag. Totalt kom det inn litt over 33.000,- kroner.

”Sjokoladekappleik” i Tresfjord

Dansegruppa frå Hellesylt UL var sterkt representert under ”Sjokoladekappleik” i Tresfjord nyleg. Ei fylkesmønstring for moro og lyst for unge, dyktige danseaktørar.

Fylket støttar ungdomsklubben Verkstedet

Etter søknad har Møre og Romsdal fylke innvilga tilskot på 300.000,- kroner til opprusting av lokale til ungdomsklubben Verkstedet. Ei gla`melding til alle som har jobba for å få til eit fleirbrukshus for ungdom på Hellesylt.