Category: Lokalnytt

Ryddar plass for Posten

Frå 12. april tek Coop Marked over posttenestene på Hellesylt. Fram til då skal personell kursast og det blir gjort nokre justeringar av inventar i butikken.

I rute med cruisekaia

Peling av røyr for fundament til djupvasskaia på Hellesylt går etter planen. Arbeidet er omlag halvgjort og Kjell Nordang i entreprenørselskapet K Nordang a/s trur sjølve kaia er klar til august.

Havlanddagar i Sparebanken Møre

Frå slutten av januar til fyrst i mars feirar Sparebanken Møre Havlanddagar. Avdelingskontoret på Hellesylt var lenge ope torsdag og inviterte store og små på kaffi, kaker og til møte med Tare.

Flotte turløyper

  Masse snø og flotte turløyper ventar alle som tek turen med ski til Kjellstadli. Ein flott dag som Øyvind Hole har foreviga i bilete,. Berre sjå!

Sokneprest fram til sommaren

Fyrste nyttårsdag vart Svein Runde innsett som prost i Austre Sunnmøre prosti. Det skjedde i Ørskog kyrkje med biskop og andre kyrkjelege representantar til stades. Fram til sommaren er Svein Runde også sokneprest i Sunnylven og Geiranger.

Småbarnstreff kvar torsdag

Kvar torsdag er det småbarnstreff på Sunnylven kyrkjelydshus. Sist tordag var seks mammadamer med born samla. Det er plass til fleire, seier dei.

Årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Knut J. Tryggestad vart samrøystes attvald som formann på årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag. Laget har 74 medlemer, ein tilgang på seks siste året. Årsmeldinga fortalde om god aktivitet for medlemane.

Førebur ny laksesesong i Korsbrekkeelva

Utbetring av gamle laksetrapper og opparbeiding av biotopar for lakseyngel er tiltak som skal gjennomførast før fiskesesongen startar i Korsbrekkeelva, seier leiar i grunneigarlag Ragnar Kaland. Som i fjor blir fiskesesongen i elva frå 1. juni til ut august.

Brosjyre frå Stranda Hamnevesen

Stranda Hamnevesen har gjeve ut ei ny brosjyre der Geirangerfjorden, Geiranger og dei nye cruisehamnene både på Stranda og Hellesylt vert presentert.

Positiv simulatortest

Verken vind eller straumforhold vil skape vanskar for store cruise-skip som skal legge til ved djupvasskaia på Hellesylt. Det er konklusjonen etter simulatortest ved Høgskulen i Ålesund.