Vellukka Margot-besøk på Hellesylt
Sunnylven pensjonistlag markerte den internasjonale eldredagen to dagar på etterskot. Mange frammøtte på Sunnylven samfunnshus hygga seg med kaker, kaffi, Margot- besøk og flott musikk.
Sunnylven pensjonistlag markerte den internasjonale eldredagen to dagar på etterskot. Mange frammøtte på Sunnylven samfunnshus hygga seg med kaker, kaffi, Margot- besøk og flott musikk.
Litt før klokka 20.00 onsdag kveld oppstod det ein vasslekkasje på ei hovudleidning i Hellesylt sentrum. Knappe tre timar seinare var det vatn i kranane igjen.
Det er brot på vasstilførselen til alle abonnentar i sentrum vest for elva. Lekkasjen er i gata mellom Ole Ringdal og Samfunnshuset. Folk frå kommunen arbeider med å reparere skaden og lovar at alle har vatnet tilbake i morgon tidleg.
Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) vart samrøystes attvald med handsopprekking då det nye kommunestyret hadde møte onsdag 2. oktober. Også den nye varaordføraren, Svein Erik Rimstad (H) fekk heile kommunestyret sin tillit.
Sunnylven bygdekvinnelag står som tilskipar av julemesse på Hellesylt laurdag 30. november på Sunnylven samfunnshus.
Treningsinstruktør Margrethe Fjetland Løvold vart tilsett som folkehelsekoordinator i Stranda kommune 4. september i år.
Grunna dåleg ver endrar cruisebåten Norwegian Spirit seglingsplanen og legg eit ekstra anløp til Hellesylt torsdag 3. oktober.
Etter seks år leverte Stein Karstensen nøklane til kyrkjekontoret på Hellesylt og slutta av som sokneprest i Sunnylven. Som pensjonist blir familie og heim det viktige framover, seier han.
Etter gudstenesta var det samling på Sunnylven kyrkjelydshus med kyrkjekaffi. Der fekk den avtroppande presten blomar og gåver, og velfortent ros.
Mange kom til Sunnylven kyrkje då sokneprest i Sunnylven og Geiranger Stein Karstensen heldt si siste gudsteneste søndag. Etterpå vart det kyrkjekaffi, takketaler og gåver til den avtroppande soknepresten på kyrkjelydshuset.
Elveeigarar og sportsfiskarar i Korsbrekkeelva har hatt spanande dagar. No blir stamfisken til komande laksefisk i elva fanga inn til klekkeriet i Husøyna.
Torsdag fekk alle ved Sunnylven omsorgssenter seg servert fårikål og anna som høyrer med. Det heile kom i stand etter at Liv Jorun Sporstøl ved daglegvarebutikken Joker tok opp tanken.