Category: Lokalsport

Snørydding på Stadion

Fotballgruppa i Sunnylven IL har tillyst dugnad laurdag for å rydde fotballbana på Hellesylt stadion for snø. Leiar Steinar Hjelle håper at minst halve bana kan bli grøn og at mange stiller på.

Klart for bedriftscup i skyting

Sunnylven skyttarlag inviterer til bedriftscup i miniatyrskyting. Som tidlegare år blir konkurransane avvikla på laget si miniatyrbane i klubbhuset på Hellesylt stadion.

Sunnylvscup på ski 2011

Det nermar seg fyrste renn i Sunnylvscup på ski 2011. Skigruppa har sett opp datoar for seks renn der deltaking i tre gjev premie. Skigruppa treng hjelp av foreldre med avvikling av konkurransane og har sett opp arbeidslister.

Rydda snø i skianlegget

Store snømengder i skianlegget til Sunnylven IL i Hyttehola førte til ekstra dugnadsinnsats denne veka. Då vart alle tak på bygningar rydda for snø.

Fleire KM-medaljer i skiskyting

I helga vart KM i skiskyting arrangert på Ullsheim i Markane. Deltakarane kom frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Frå Sunnylven IL deltok 21 løparar.

Mange vårkampar ryk for Sunnylven Fotball

Mange vårkampar ryk for Sunnylven Fotball Det blir ein sterkt amputert vårsesong når det gjeld heimekampar for Sunnylven Fotball. Leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland har fått melding frå entreprenøren om at røyra til undervarmeanlegget på Hellesylt stadion blir levert 16. juni.   Fredrik Stadheim  –  28.05.2010 13:19:29  ...

Røyrmangel stoppar utbygginga

Røyrmangel stoppar utbygginga Arbeidet med ”nye” Hellesylt stadion har til no gått som planlagt. Det vil likevel drage ut med opningskampen. Årsaka er sein tinging og lang leveringstid på banerøyr til undervarmeanlegget.   Fredrik Stadheim  –  05.05.2010 19:07:33 Truleg blir det ikkje fotball på Hellesylt stadion før i slutten av...

God framdrift med kunstgrasbana

God framdrift med kunstgrasbana Arbeidet med ombygging til kunstgrasbane på Hellesylt stadion går godt. Det er likevel usikkert om bana blir klar til dei fyrste heimekampane i slutten av mai.   Fredrik Stadheim  –  01.05.2010 10:53:09   Det er gjort eit grundig arbeid frå fyrst av med nye Hellesylt stadion,...

Besøkte ny trimpost

Mange hadde leita fram fjellskoa igjen då friidrett/trimgruppa i Sunnylven IL inviterte til treff på Nausane, ein ny poengpost i lia sør for Hellesylt sentrum. Den fyrste som fekk namnet sitt i trimboka var Hege Ringdal.

Bygdaelva vart redninga

-Vi hadde svært lyst å få avvikla også elvepadlinga, så då vi såg at det var for lite vatn i elvane i Ørsta og Volda, bestemte vi oss for å reise til Bygdaelva i Sunnylven-.

Trimtreff på ny trimpost

– Tidlegare i vinter var det trimtreff på Høgane med stort frammøte. Søndag 25. april inviterer trimgruppa i Sunnylven IL til treff på Nausane, ein ny og sentrumsnær trimpost.

Premiefest skiskyting

Skiskyttergruppa inviterer til premiering for renn i vinter og klubbmeisterskapen i 2009. Premiefesten blir halden på Sunnylven samfunnshus tysdag 11. mai kl. 19.00.

Tapte på Hellesylt grus

Sunnylven sitt 5. div.- lag tapte generalprøva før seriestart med 1-3 mot Hornindal på Hellesylt grus andre påskedag. Gjestane leia 3-0 til pause. Kenneth-Andre Hole reduserte halvvegs i andre omgang.

Preparerte løyper

Sunnylven IL har køyrt opp turløyper i området ved hyttefeltet i Kjellstadli mot Kjellstaddalen og forbi Seljehaugen. Også over Terdalsmyrane og mot Terdalen er det preparerte løyper, melder skigruppa. 02.04.2010 08:54:37