Category: Lokalsport

Gåve til treningssenter

Under grillkvelden på Peer Gynt Galleriet laurdag orienterte dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole om arbeidet i utviklingsselskapet. Han hadde også med pengegåve til det nyopna treningssenteret til Sunnylven IL.

Fotballfest på Tronstad grendahus

Damelaget og juniorlaget har spela sine siste kampar denne sesongen. Laurdag avsluttar a-laget mot Herd, og ei veke seinare blir årets store fotballfest arrangert på Tronstad.

Idrettsmerkeprøve

I dag, måndag 15. september frå kl. 17.00 arrangerer friidrett/ trimgruppa prøve til idrettsmerke på Hellesylt Stadion.

Langrennsamling på Hellesylt

I helga hadde Stranda skigymnas og løparar frå Storfjordlangrenn barmarksamling på Hellesylt. Rundt 20 løparar med fire trenarar og fleire leiarar var med på samlinga frå fredag til søndag.

God kamp av A-laget

Topplaget Norborg fekk stryk på Hellesylt stadion laurdag. Sunnylven vann 3-2 etter mykje godt spel, spesielt i andre omgang.

Ny målfest for Sunnylven

På Ekebergsletta i tropisk sommarvarme spelar Sunnylven sitt G16-lag flott fotball. Måndag fekk Ullern stryk 8-0. Olav Erling starta målfesten og Daniel fylgde opp. Til pause leia Sunnylven 4-0. I andre omgang kom også Henning på skoringslista med to mål, og Daniel dunka inn to til. Frustrerte motstandarar...