Informasjon om vaksinering – covid-19
Det vert i veke 2 sendt ut informasjon til alle heimebuande over 75 år, samt dei som bur på institusjon/omsorgsbustad.
Det vert i veke 2 sendt ut informasjon til alle heimebuande over 75 år, samt dei som bur på institusjon/omsorgsbustad.
Har du ein idé som treng meir avklaring før du tør å setje den i verk? Stranda kommune har enno att avklaringsmidlar på 2020-løyvinga.
I heile Stranda kommune vart det til 28. desember innrapportert 493 felte hjort i jakta hausten 2020. Truleg manglar nokre innmeldingar, heiter det frå viltnemnda.
Sjølv om mykje har vore endra dei siste månadane, kalla kyrkjeklokka til familiegudsteneste i Sunnylven kyrkje også denne julaftan. Frammøtet var begrensa, men vakker musikk, julesongar og juleevangeliet var det same som alltid.
Sunnylven IL gratulerar til alle vinnarane i julelotteriet og takkar hjartelig til alle som støtta idrettslaget ved å kjøpe lodd!
I dag startar Sunnmøre friluftsråd sin Stikk Ut-vintersesong. To postar vart sett opp i Sunnylven i dag; Ljøsetra og Ljøkaia. Stikk Ut og ta med deg ein venn, ein fin og koronavenleg måte å ta vare på kvarandre. Sjå elles på linken under. https://www.stikkut.no/nyheter/nytt-stikk-ut-konsept-i-vinter.
På nyttårsaftan 31. desember er siste dag Øcal restaurant sel pizza. Frå då av er det slutt på restaurantdrift, og Ramazan Øcal startar på eit nytt konsept.
Gjennom skuledagar blir det også tid til julesamlingar ved Sunnylven skule no i desember. Frå adventsstund på barnesteget har hellesylt.info fått tilsendt bilde og informasjon.
Fylkesmannen har stadfesta Stranda kommune sitt vedtak for områdereguleringsplan Langeland / Tryggestad. Vedtaket kan ikkje påklagast og er endeleg.
Møre og Romsdal Senterparti har halde digitalt nominasjonsmøte og sett opp valliste til Stortingsvalet 2021. På fyrste plass står Jenny Klinge frå Surnadal.
Juletombolaen til Sunnylven skulekorps vart avlyst i år. I staden vart det selt lodd og trekt 24 flotte gevinstar, mange gjevne av næringslivet i og utanfor bygda.
Fredag 6. november gjekk eit mindre steinras i Frøysanibba, (1281) i Sunnylvsbygda.
Storfjordkalenderen 2021 er ferdig og lagt ut til sal. Den kan kjøpast på bokhandlar på Moa, og i butikkar på indre og nordre Sunnmøre.
Mange har møtt fram på dei to strikkekveldane som Sunnylven sanitetslag har arrangert til no i haust. Neste strikkekveld på Hægstad Gård 10. november er AVLYST!
Tilbakemeldinga frå Veterinærinstituttet i Trondheim var farga gul, for alle dei tretti stamlaksane som vart tekne inn til klekkeriet i Husøyna i år var villaks av Korsbrekke-stamma. No blir nye 100 000 yngel produsert for utsetjing til våren.
Fylkesleiar i Frp, Frank Sve frå Stranda kom på andre plass på Frp si valliste til Stortingsvalet neste år. Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug toppar lista.