Langrenntrening i Holedalen
Ikkje mykje snø, men nok til å prøve langrennskia i Holedalen i kveld tysdag 24. november for Hans t.v., Ottar, Kristine, Inger, Anniken, Gisle og fotograf Rune.
Ikkje mykje snø, men nok til å prøve langrennskia i Holedalen i kveld tysdag 24. november for Hans t.v., Ottar, Kristine, Inger, Anniken, Gisle og fotograf Rune.
Sunnylven skule var med på BlimE! 2015. Her kan du sjå video frå dansinga 13.november.
John Kåre Flo frå politiet orienterar om evakueringshøgde ved ei flodbølje etter eit mogleg fjellskred frå Åkneset. Videoen er tatt opp under folkemøte på Hellesylt 23.11.2015.
På Hellesylt og i Geiranger blir det halde folkemøte og orientert om evakueringshøgde ved ei flodbølje etter eit mogleg fjellskred frå Åkneset. Klokkeslett for informasjonsmøta er endra i høve til fyrste kunngjering, og blir halde slik; Sunnylven kyrkjelydshus, Hellesylt, måndag 23. november kl. 18.00 Norsk Fjordsenter, Geiranger, tysdag...
Med unntak av Hellesylt sentrum blir det straumstans i resten av Sunnylven torsdag 19. november mellom kl. 09.30 og fram til ca. kl. 13.00. I tillegg kan det bli kortare stans ved ut og innkopling for trafo Ringdal, melder Stranda Energi AS Nett. Straumstansen skuldast arbeid i nettet.
Grunna dårlege ver vart trimtreff i mørke til Kjellstaddalen utsett ei veke, frå 11. november til i morgen onsdag 18. november. Då ser vermeldingane bra ut, melder trimgruppa i Sunnylven IL. Turen i mørke startar frå Tronstad Grendahus med registrering ved trimposten i Kjellstaddalen mellom kl. 18.00 og...
Peer Gynt Galleriet, Hellesylt inviterer til julebord i julepynta lokaler, topp utval av kortreist julemat, utvida skjenkeløyve i høve arrangementet og musikk for danselystne. Berre eit titalls personar har meldt seg på så langt til julebordet laurdag 28. november. Påmeldingsfristen går ut fredag 20. november, så enno er...
Det er tidlegare meldt at HUL-teatret ikkje viser skodespel i romjula. På siste styremøte i Hellesylt Ungdomslag vart det bestemt at laget heller ikkje arrangerer dans på 4. juledag, opplyser leiar i ungdomslaget Geir Frøysa.
Åse Elin Hole vart på kommunestyremøte tysdag 10. november tilsett som rådmann i Stranda, melder Stranda kommune på si nettside: https://www.stranda.kommune.no/artikkel.aspx?AId=3301&MId1=970
To dagar før saudehaudfesten på Sunnylvsbygda Grendahus hadde hundre personar meldt seg på til eksklusivt måltid. I tillegg kjem rundt tjue som vil berre på dans, melder arrangøren. Det nærmar seg fullsett festlokale.
TV 3 sender «Eventyrleg oppussing» frå Øv-Ljøsetra i Sunnylven 26. november. Grunna omspelkampen mellom Norge og Ungarn om EM-sluttspel sender ikkje TV 3 «Eventyrleg oppussing» torsdag 12. november. Tredje episode som skulle gå då er flytta til torsdag 19. november. Det betyr at fjerde episode i serien som er...
På avslutningsfesten til Stranda Fotball sist helg vart det delt ut prisar til fleire spelarar, også på damelaget Stranda/Sunnylven. Vilde Hjelle og Ingeborg Opshaug fekk prisar for flest treningar, toppskorarprisen gjekk til Kirsti Frøysadal Hauge, og Sandra Kammen vart årets spelar på damelaget. Det er nettstaden strandafotball.no som...
«Den gode barndom» har Sunnylven sanitetslag sett som overskrift på invitasjonen til temamøte onsdag 4. november. Sunnylven sanitetslag inviterer til kveldsmøte onsdag 4. november kl. 20.00 i laget sitt møterom i andre høgda i kyrkjelydshuset. Tema denne kvelden er «Den gode barndom». Spesielt invitert er foreldre til born...
Arrangør Sunnylven Bygdekvinnelag flytter julemessa på Hellesylt frå 21. til laurdag 28. november. Flyttinga er gjort etter ynskje frå fleire utstillarar som hadde planlagt deltaking siste laurdag i november, slik det har vore tidlegare. Påmelding til julemesse på Hellesylt og Sunnylven samfunnshus 28. november til: Heidi M. Hauge,...
Sunnylven Bygdekvinnelag har halde årsmøte. På Tronstad grendahus møtte 17 av laget sine rundt 30 medlemer. Styret for 2016 vart: Marit Hellebostad, Inghild Storstein, Anne Marie Sømoen Frøysa (ny), Olveig Brandvoll (ny), Anne Grete Hjelmeland Hole (ny). Varamedlemer: Synnøve Kjellstad, Kjellaug Tronstad, Randi Tynes. Laget held fram med...
Ikkje mange kom på klubbhuset onsdag då skigruppa hadde tilbod til skiinteresserte om å bytte eller selge/kjøpe skiutstyr til vinteren. Men nokre ting var det spørsmål etter; *Skøyteski 140 cm. *Skøyteski 150 cm. *Skisko kombi str. 31 *Skisko skøyting str. 44 Om du har noko av dette og...
2019-04-14 : Ved Nedstevatnet
2019-04-14 : Dugnad i Sunnylven barnehage
2019-04-14 : Det grøne skiftet til Sunnylvsbygda
2018-04-14 : Stilte ut historisk sportsutstyr
2018-04-14 : Stranda kommune ønskjer innspel
2017-04-14 : Årsmøte i Ljøbrekkas Vener
2017-04-13 : Ølkveld med Geirangerøl
2016-04-14 : X2 Festivalen har rigga klart
2016-04-14 : Innsamling av grovavfall i Sunnylven
2015-04-14 : Frå noteark med mykje kjærleik
2014-04-14 : Frå grendakvelden
2014-04-14 : Stor stemning på grendakveld
2014-04-14 : Sterkt av Kari-Anne Tryggestad Ryste
2014-04-14 : Skal drive Peer Gynt Galleriet
2013-04-14 : Tårnagentar hjelpte i kyrkja
2012-04-14 : X2-fest i Bygdaelva
2012-04-14 : Satsar frå Helsetkopen i juli