Category: Notiser

Kan bli ny rådmann

  Åse Elin Hole er av ei arbeidsgruppe innstilt som ny rådmann i Stranda kommune. Åse Elin Hole (52) frå Hole i Sunnylven jobbar som kommunalsjef i Selje kommune. Formell tilsetjing skjer i kommunestyre på møte 10. november. Det var 11 søkjarar til stillinga som rådmann i Stranda.

Øver til julekonsert.

Hellesylt songlag har starta opp med øvingane til julekonserten i Sunnylven kyrkje 13. desember. På fyrste øvingskveld møtte 11 songarar, ti damer og ein mann. Koret ynskjer seg fleire songarar til neste songøving som er på Sunnylven skule måndag 26. oktober kl. 18.30, får vi opplyst.  

Årsmøte i Hellesylt Songlag

Hellesylt songlag har halde årsmøte. I 2015 deltok koret på lokal kulturkveld i mai og på utescena under Hellesyltdagane. Det vart attval av styret på årsmøtet: Kari Hauso Stadheim er leiar, Inghild Storstein skrivar, Anne Grete Frøysa kasserar.    

Innlevering trimskjema

Trimgruppa i Sunnylven IL melder at det er sett ut kasse for innlevering av trimskjema for 2015 på Coop Hellesylt. Det er innleveringsfrist til fredag 23.10.2015. Det vert utdeling av av uttrekspremiar blant innleverte skjema på fotballbingoen søndag 25.10.2015.    

Årsmøte i Hellesylt songlag

Hellesylt songlag kallar inn til årsmøte torsdag 22. oktober. Opplegg og øvingar med songlaget fram mot julekonserten i Sunnylven kyrkje blir også tema på årsmøtet. Julekonserten med innslag av unge og eldre i musikk og song blir i år søndag 13. desember.

Konsert i Sunnylven kyrkje

KONSERT I SUNNYLVEN KYRKJE LAURDAG 17. OKTOBER KL. 16.00 Programleiar:                                                             -Ann Kristin Langeland Sunnylven Skulekorps                                               -Hellesylt Dikt av Ivar Ringdal v/Inghild Storstein                                                     -Hellesylt Tove Havnen Hansen                                                -Stranda Marius Hammer                                                         -Fylkesaksjonsleiar Sofie Berge Sæbø                                                        -Stranda Julie Rimstad                                                              -Stranda Dikt/Ivar E. Ringdal v/Ingvild Storstein                                                    -Hellesylt Benjamin Rekdal                                                       -Stranda Maria Langeland                                                      ...

Ferjelem senka i sjøen

Ferjelemen på kaia på Hellesylt er verkeleg kopla ut av drift etter ein fin turistsesong. Måndag var brua senka så lavt at deler av den låg i sjøen.

Meny-butikkar kjøper Ringdal-varer

Kjøtvarebedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt kaprar stadig nye markeder. Etter toppresultat i VG sin blindtest på fårikålkjøtt fredag har bedrifta feira med å inngå leveranseavtalar til 20 Meny-butikkar i Oslo.

Har anka avslag

Etter flaumskadar i Holedalen i 2014 søkte Holedalen Fallrettslag Sa Statens naturskadefond om erstatning. Søknaden fekk avslag. Avgjerda vart anka av Fallrettslaget og 25. november møtest partane til hovudforhandlingar på Sunnylven samfunnshus. Det er avsett ein dag til saka.

Siste offisielle opningsdag

Trio Avec besøkte Peer Gynt Galleriet laurdag kveld som var siste offisielle opningsdag denne sesongen. Wibeke Oshaug, Leiv Prestvik og Olav Elling Gausdal laga flott stemning med sine viser og dansemusikk. Berre 40 betalande kom for å høyre på.

22 gjekk til Shell

Sunnylven sanitetslag og Sunnylven IL trim sin trimtur torsdag frå Hellesylt sentrum til Shell-kaia og tilbake samla 22 unge og eldre i alder 3 til 82 år. Etter turslutt fekk deltakarane frukt og drikke, spandert av arrangørane.

Eit par briller.

På vegen like ved Sunnylven IL sin trimpost ved Shell på Korsbrekke er det funne eit par briller, truleg pluss 1.5 – 2.0. Brillene heng på trimkassa.