Category: Notiser

Vedtok reguleringsplan

På siste kommunestyremøte i Stranda 2. september vart reguleringsplanen for Hellesylt sentrum vedteke mot ei stemme (Frp). Vedtaket var i samsvar med innstilling frå Fast utval for plansaker med eit ekstra punkt 4: « Det regulerte offentlege parkeringsarealet på tomta til Hellesylt Turistsenter vert endra til privat parkering»

Fire hjortar på Bjørdal

I Sunnylvsbygda stubba fire hjortedyr for velretta skot på fyrste jaktdag. Eitt i Holedalen og tre på Bjørdal. Dyra står høgt melder jægerane.  

Hjortejakta i gong

I dag 1. september starta årets hjortejakt. Frå Langedalen hjortevald blir meldt og to felte dyr på Tryggestad/Lillebø, to på Kjellstad og to på Tronstad. hellesylt. info vil gjerne ha opplysningar om jakta. Meld på SMS til tlf. 900 83 380

Straumstans tysdag

Det blir straumstans i Sunnylvsbygda tysdag 1. september frå kl. 09.00 i ca. 3 timar frå Hauge til Frøysa, og ca. 5 timar frå Hole til Vollset, melder Stranda Energi nett.  

Stranda-ordføraren på Lindmo

Ordførar Jan Ove Tryggestad blir å sjå på NRK-programmet Lindmo i kveld laurdag 29. august saman med skodespelar Kristoffer Joner. Innslaget med dei to handlar om filmen Bølgen.

Open kaffibar

Ved Hellesylt Boutique & Bar er 28. – 30. august siste opningshelg før julegrantenning fyrste helg i advent. Til då er kaffibaren stengt då midlertidig driftsstillatelse er over og arbeid med vidare oppussing held fram.