Category: Notiser
Ølsmaking i påska avlyst
Det blir ikkje smaking på heimebrygget frå det prisbelønna bryggeriet frå Innvik i Nordfjord på Hellesylt i påska. Arrangementet er utsett til seinare, kanskje i mai/juni.
Årsmøte utsett
Årsmøte i Sunnylvsbygda grendalag skulle haldast på grendahuset torsdag 26. mars, men er UTSETT inn til vidare grunna korona-epidemien. Det melder styret.
Stranda hamnevesen søkjer etter hybelleilegheit/leilegheit på Hellesylt.
Stranda hamnevesen treng hybelleilegheit/leilegheit til ein av sine tilsette som i periodar skal arbeide på Hellesylt.
Pressemelding frå ÅRIM
Renovasjonsselskapet ÅRIM har sendt ut ei pressemelding i høve Korona-situasjonen. Storboss-aksjonen på Hellesylt blir utsett inn til vidare.
Konsert i Sunnylven kyrkje
Fingerleik på pianotangentane, imponerande spel på tverrfløyte og fantastisk song av 14 år gamle Inga Lill Nydal. Det fekk eit 40-talls frammøtte oppleve og ta med seg heim frå minikonsert i Sunnylven kyrkje.
Vann i Retura Cup
Ørjan Frøysadal Hauge og Kristian Frøysadfal Hauge, begge frå Sunnylven skyttarlag vann sine klasser i Retura cup, skyttarstemne arrangert av Hornindal og Markane skyttarlag. Av Sunnylven skyttarlag Hornindal og Markane Skyttarlag var arrangør av årets Retura Cup finale i skyting denne veka. Her deltok skyttarar også frå Sunnylven...
Godt heimebrygg frå nytt bryggeri
Brulandselva bryggeri frå Utvik er kåra til Noregs beste nye bryggeri av verdas største ølportal RateBeer.
Ikkje lovleg innkalling
Innkallinga til årsmøtet i Hellesylt Næringslag/Hellesylt Utvikling måndag kveld var ikkje i samsvar med vedtektene for laget. Nytt årsmøte blir halde om tre veker.
Innkalling årsmøte Hellesylt Næringslag / Hellesylt Utvikling
Årsmøte i Hellesylt Næringslag/Hellesylt Utvikling Måndag 17. februar klokka 20.00 på Sunnylven Samfunnshus Interimstyret oppmodar med dette bygdefolket til å bli med å ruste opp bygda vår for å møte framtida med optimisme. Sakliste Godkjenning av innkalling og sakliste Val av møteleiar og to personar til å skrive...
Kristine Hjellbakk Hole nr. 10. og 11. i Holmenkollen.
Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til 10. plass under Norgescup sprint i Holmenkollen laurdag. Det er karrierebeste for 18-åringen som representerer Sunnylven IL.
Finale i miniatyrcupen
Finalane i Miniatyrcupen for Sunnmør Skyttarsamlag på 15 m innandørsskyting har vorte arrangert denne veka.
Tilsett som kyrkjetenar
Renate Furre Henriksen-Sandvær er tilsett som kyrkjetenar i Sunnylven frå februar månad, det får www.hellesylt.info opplyst hos Storfjord kyrkjelege fellesråd. Stillinga som kyrkjetenar i Sunnylven har vore lyst ut sidan tidleg i fjor haust. Renate Furre Henriksen-Sandvær er busett i Strandadalen og jobbar til dagleg som redaktør i...
Sunnylvscup på ski torsdag
Verutsiktene er litt usikre, men Sunnylvscup på ski går som tidlegare annonsert torsdag 6. februar. Det melder skigruppa i Sunnylven IL.
Norangsdalen opna igjen
Fylkesveg 655 gjennom Norangsdalen blir stengt i dag 04. februar kl. 22.00 og inn til vidare på grunn av fåre for snøras. Ved spørsmål, kontakt Vegtrafikksentralen på tlf. 175. SISTE: Fylkesveg 655 gjennom Norangsdaløen vart opna for trafikk igjen i dag 06. februar kl. 14.00