
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Åpen dag på Hellesylt brannstasjon
22. september 2018-11:00 - 14:00
Laurdag 22. september er det åpen dag på Hellesylt brannstasjon mellom klokka 11:00 og 14:00. Dette skjer i forbindelse med brannvernveka 2018.
Brannvernveka er ei landsomfattande informasjonskampanje som vert gjennomført i veke 38.
«Vi har gleda av å invitere små og store branndamer og brannmenn til åpen dag på Hellesylt brannstasjon. På brannstasjonen vert det spanande og lærerike aktivitetar for ulike aldersgrupper.
Vi går no inn i den årstida der antall bustadbrannar aukar kraftig. Folk treng ei påminning om branntryggleik før vi skrur på varme og belysning, tenner levande lys og fyrer i omnen.» skriv Stranda kommune på si nettside.